Samlingsstad for alle som trenar og konkurrerer med gjetarhund i Møre og Romsdal. Fem aktive lokallag – éin stor familie.
Oppdateringar, resultat og reportasjar frå prøver, kurs og arrangement i fylket.
Oppfølgingskurs for instrukører, arrangert i regi av MRGL og lokallaga. Kurset gjev instruktørar ny kunnskap og eit felles fagleg påfyll.
Unghundcupen i 2025 vart avgjort gjennom eit sett av distriktsprøvar i klasse 2, og vinnar av årets Unghundcup 2025 vart Merethe Hellevik med Arya. Vi gratulerer!
Jan Myklebust og Ask vann Fylkesmeisterskapet i Møre og Romsdal på Fiskå 4.–5. oktober 2025. Vi gratulerer Jan og Ask med ein flott prestasjon!
Norgesmesterskapet i bruk av gjeterhund 2025 gjekk av stabelen på vakre Dovre, 10.–12. oktober. Møre og Romsdal blei representert av Jan Myklebust og Halvor Tenden.
Norgesserieprøva på Lausund, Lepsøya gjekk av stabelen 16.–17. august 2025.
Topp 6, dag 1:
1. Xant – Karianne Buer 90p
2. Gyda – Jan Myklebust 89p
3. Ztripz – Halvor Tenden 84p
Merethe Hellevik fekk utmerkelsen for årets gjetarhund på fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal sau og geit. Ei velfortent heidersbevisning!
Førulstreffet på Lepsøya
Førjulstreff på Lepsøya 6.-7.desember
Førjulstreffet, arrangert av Møre og Romsdal Gjetarhundlag, gjekk av stabelen 6.-7.desember. 16 glade deltakere troppa opp hjå Merethe Hellevik i Bretanusgarden på Lepsøya , klar for å trene hund. Det var ordna trening på to områder, eit stort område for dei viderekomne og eit mindre område med rundkve for nybegynnere. Ailen og Halvor kom med gode råd og tips om korleis kome seg eit steg vidare i treninga.
Samlingsplass nedom gamleløa, med bålpanne og kokekaffi, grillpølser og kjeks. Veret var upåklagelig heile helga, søndag var det så vindstille at til og med vindmøllene på Haramsøya stod utan å bevege vingane!
Etter at treninga var ferdig laurdag, reiste alle ned på Prestegarden, der vart det servert nydelig julemiddag med riskrem til dessert. Sosialt utover kvelden, sjølvsagt med prat om gjetarhund og trening. Overnatting med frokost for dei som kom langvegs frå.
Søndag møtte alle opp i Bretanusgarden igjen, for meir gjetarhundtrening.
Helga vart avslutta med felles lunsj på Prestegarden søndag, før alle ynskte kvarandre god jul og vel heim.
Intensjonen med førjulstreffet var at styret i Møre og Romsdal Gjetarhundlag ville gi medlemmene sine eit tilbod om å kome ilag på tvers av lokallaga i fylket, bli bedre kjent med kvarandre, verte meir samansveisa, og få inspirasjon til vidare trening av gjetarhund. Blide fjes på deltakarane kan tyde på at arrangementet var vellykka.
Takk til Merethe som har stått for ein stor del av organiseringa av førjulstreffet
Ei fin helg med gjetarhund og lagbygging i fokus!
Bilete frå Fylkesmeisterskapet på Fiskå 4. - 5. oktober
Fylkesmeisterskap i Møre og Romsdal
4.–5. oktober
Arrangert av Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag i samarbeid med Møre og Romsdal Gjetarhundlag.
Konkurransane går på marka til Berge Samdrift, Gamlevegen 101 på Fiskå, med start Laurdag kl. 09.00, og Søndag kl 08.00
Laurdag 4. oktober blir det opne prøver i tre klassar:
- Klasse 1: Godkjenningsprøve for nye ekvipasjar.
- Klasse 2: Mellomstadie.
- Klasse 3: For vidarekomne hundar.
Søndag 5. oktober vert sjølve fylkesmeisterskapen arrangert. Denne går i klasse 3, og etter den ordinære runden vil dei seks beste ekvipasjane møtast i ein finale med dei krevjande momenta dubbelhent og sortering.
Klasse 3 inngår òg i uttaket til NM i bruk av gjetarhund, der Møre og Romsdal har to plassar.
Påmelding utøvarar til epost: skogenga@gmail.com
Betaling til VSGL . Kr 400,- per start. Kontonr 3909.30.51274
Arrangementet gir høve til å sjå dyktige hundar og førarar i praktisk arbeid, og er ei flott
samling for alle som er interesserte i gjetarhund, sauehald og landbruk.
Alle er hjarteleg velkomne – både deltakarar og publikum.
Distriktsprøve og Fylkesmeisterskap 21. og 22. september
Møre og Romsdal gjeterhundlag arrangerer distriktsprøve i klasse 1, 2 og 3 21. september.
klasse 2 inngår i unghundcupen og klasse 3 inngår i NM kvaliken.
Dommergjennomgong klasse 3 klokka 9.45, fyrste start rett etter.
Påmeldingsavgift er 350,-
Betal til MRGL sitt kontonummer: 3905 12 27100
Fylkesmeisterskap søndag 22.september i klasse 3.
Det vert fyrst ei vanleg klasse 3 prøve, der dei 6 beste går til finale med dobbelthent og sortering.
Dommergjennomgong klokka 08.00, fyrste start rett etter.
FM er ei av prøvene til NM-kvalifiseringa for fylket. Merk at årets fylkesmeister ikkje er direkte kvalifisert til NM.
Startkontingent 400 kr betal til MRGL sitt kontonummer: 3905 12 27100
Godt hundevande søyer frå villsaubesetninga til Knut-Jørgen Oseberg vert brukte begge dagar.
Dommar for helga er Thomas Rømma.
Adresse for gjeterhundbana begge dagar er: Nedstevegen 63, 6292 Kjerstad.
Påmelding for alle prøvene til Knut-Jørgen Oseberg, tlf 95 15 25 85.
Påmeldinga åpnar 1. september.
Påmeldingsfrist 18. september.
Enkel kiosk begge dagar med betaling på MRGL sin VIPPS 759990
Vil du vere med og hjelpe til før, under og med nedrigging etter prøvene, så ta kontakt med Merethe, 99 56 07 62. Vi set stor pris på all hjelp! Ingen prøve utan dugnadsfolk!
Velkomne til ei kjekk helg!
Helsing styret i MRGL
Norgesserieprøva som skulle arrangerast på Fiskå 20.-21. september er dessverre avlyst
Norgesserieprøve dag 2 på Lausund, Lepsøya
Topp 6, dag 2, NS Lausund, Lepsøya 17.august 2025:
1. Ainor - Halvor Tenden 102p
2. Scott - Pål Høygård 100p
3. Gaia - Ole-Henrik Kjærnes Holen 99p
4. Lynn - Pål Høygård 94p
5. All Spot - Vidar Tangeland 86p
6. Belway Ted - Ole Kristian Lien 85p
Gratulerer til både deltakarar for flott resultat og til Midtre Møre Gjetarhundlag for vel gjennomført Norgesprøve.
Midtre Møre Gjetarhundlag takkar til dommer Thomas Rømma, dei takkar deltakerane som tok turen til Lepsøya, og stor ikkje minst rettar dei ein stor takk til dugnadsfolket som stod på i forkant, under og etter prøvehelga!
Sjå fleire bilete frå helga her
Innkalling til årsmøte MRGL 15. februar 2025
INNKALLINGTIL ÅRSMØTE
MRGL– Møre & Romsdal Gjeterhundlag
Velkomen til årsmøte i Møre og Romsdal Gjeterhundlag lørdag den 15.02.2025 kl. 11.00 på SYSTRA Kafé, Sjøholt. Enkel servering.
Sakliste:
Val av møteleiar,møtebokskrivar og to til å signere møteboka.
Oppteljing av utsendingar.
Godkjenning av innkalling og sakliste.
Årsmelding.
Rekneskap.
Innkomne saker (skal meldast inn til leiar før 31.1.25)
Arbeidsplan og budsjett for komande år
Godtgjersle av tillitsvalde og webansvarleg.
Val av;
leiar for 1 år.
styremedlem(ar)for 2 år.
personleg(e)varamedlem(ar)for 1 og 2 år.
val av 2 revisorar
utsending til årsmøtet i MRSG.
valnemndsmedlem(ar),med funksjonstid 4 år.
Eventuelt (drøftast, men ikkje stemmast over).
Velmøtt 😊
Utkast til årsmelding her
Rekneskap her
Revisormelding her
Budsjett her
VossFriRegn_mrgl_resultatr_2_2024_1.pdf
Gratulerer med sigeren!
Jan Myklebust og Ask
Uttaksreglement til NM MRGL 2025
Uttaksreglementet til MRGL for kvalik til NM finn du her
Kvalifisering til NM 2025
For å finne ut korleis det går med kvalifiseringa til NM kan du sjå her
Merethe Hellevik fikk utmerkelse for årets gjetarhund på fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal sau og geit
Vinnar av dag 2 Halvor Tenden og Ainor saman med Ailen Skogeng og Phillip Schips
Aktivitet i Møre og Romsdal 2025
Ynskjer du å sjå kva kurs og prøver som blir haldne i Møre og Romsdal 2025 trykk her
Norgesserieprøver 2025
Møre og Romsdal skal arrangere 2 Norgesserieprøver i år.
Mer info om Norgesserieprøvene finner du her
Referat frå styremøta i MRGL
Alle referat fra styremøta blir lagt ut, og ein finner dei i menyen under:
Endringar i reglane for Gjetarhundprøver
Alle som arrangerer gjeterhundprøver, skal ha ein dyrevelferdskontrollør (DVK).
Les meir om dette her.
Årsmøte i MRGL
For større skrift se her
Årsmelding se her
Rekneskap se her
Revisjonsrapport se her
Aktivitetsplan se her
Forslag fra valgkomiteen se her
.png?etag=%22eb29-69762128%22&sourceContentType=image%2Fpng&ignoreAspectRatio&resize=335%2B405&extract=41%2B0%2B294%2B401)
Innkalling_Arsmote_MRGL14.februar%202026.pdf
Revisjonsrapport%20MRGL%202025.pdf
forslag%20fra%20valgnemnda%20til%20%C3%A5rsm%C3%B8tet%2014.februar2026.pdf
Dag 1
Jan Myklebust til høyre vart nr. 2 dag ein av Norgesserieprøva på Lausund. Her saman med Halvor Tenden som vann dag 2 av Norgesserieprøva.
Norgesserieprøve på Lausund, Lepsøya
Da er landsprøvehelga i gang på Lausund, Lepsøya.
Vi ynskjer alle lykke til og spesielt dei frå Møre og Romsdal.
Følg med på resultater her
Vinnar av Unghundcupen 2025:
Unghundcupen i 2025 vart avgjort gjennom eit sett av distriktsprøvar i klasse 2, og vinner av årets Unghundcup 2025 vart Merethe Hellevik med Arya.
Vi gratulerer!
Resultata på unghundcupen finn du her
Fylkesmeisterskap 2025
I morgon brakar det laust med Fylkesmeisterskap i Møre og Romsdal på Fiskå.
Startliste Kl 1, laurdag finn du her
Startliste Kl 2, laurdag finn du her
Startliste kl 3, laurdag finn du her
Startliste kl 3, søndag finn du her
Fisk%C3%A5%20DP%2004.10.25%20klasse%201.pdf
Fisk%C3%A5%20DP%2004.10.25%20klasse%202.pdf
Norgesserieprøve dag 1 på Lausund, Lepsøya
Resultat Norgesserieprøva
Topp 6, dag 1:
1. Xant -Karianne Buer90p
2. Gyda-Jan Myklebust89p
3. Ztripz-Halvor Tenden84p
4. Tara- Halvor Tenden 82p
5. Kjepperudgårdens Zac- Karianne Buer 76p OLF 42
6. Ted- Hege Andersen 76p OLF 40
Unghundcupen 2025
Følgande distriktsprøvar er med i unghundcupen:
23. august, Stette, Midtre Møre Gjetarhundlag
31. august, Fiskå, Vestre Møre Gjetarhundlag
4. oktober, Fiskå, Vestre Møre Gjetarhundlag
19.oktober, Malmefjorden, Nordmøre og Romsdal Gjeterhundlag
Les reglementent for unghundcupen i Møre og Romsdal her
Hvordan knytte NSG-medlemskapet til NKK
MRGL har fått spørsmål om korleis ein skal knytte medlemskapet sitt i Norsk sau og geit til NKK
På www.nsg.no kan du finne svar på ymse spørsmål om NSG/NKK samarbeidet og i tillegg er det enkelt å registrere NSG-medlemskapet sitt til NKK derifrå.
Link til NSG-sida finn ein her.
Uttaksreglement for uttak til NM 2025
Uttaksreglementet for Møre og Romsdal for NM 2025 (ihht MRGL årsmøtevedtak 2024) finner du her.
Uttaksprøver 2025 for Møre og Romsdal:
7 prøver der dei 4 beste er teljande i NM-uttaket:
Bruksprov
Styret i MRGL fortsetter praksisen med laminerte bruksprov til dei ekvipasjene som klarer kravet ihht godkjent Gjeterhund - NSG.
Vi ønsker fleire bestillinger på kvar produksjonsrunde, så det kan ta litt tid etter at du har bestilt laminert bruksprov til det kjem i posten. Kortet er kjekt å ha med f.eks på fjellet når du brukar hunden i arbeid.
Pris pr bruksprov 250 kr. (faktura må forskuddsbetalast til kontonummer 3905 12 27100 før kortet vert utsendt). På betalinga må du hugse på å merke med fullt navn og navnet på godkjent gjeterhund.
Vil du bestille bruksprov så legger du inn all relevant info i det tilordna "Google forms" link som vist nedanfor:
Siste oppdateringar:
- Oppdatert liste kvalifisering til NM
- Bilete av fylkesvinnaren
- Resultat DP og FM
- Bilete frå DP
- Oppdatert Resultat DP og FM
- Fylkesmeisterskap
- Oppdateringar på aktivitet 2025
- Vinnar unghundcupen 2024
- 2.plass dag 1
- Vinnar dag 2 av Norgesserieprøva
- Resultat dag 2 på Norgesserieprøva, Lausund
- Resultat dag 1 på Norgesserieprøve Lausund
- Norgesserieprøve Lausund, Lepsøya
- Uttaksreglement til NM 2025
- Referat
- Aktvitet i Møre og Romsdal 2025
- Norgesserieprøver
- Unghundcupen 2025
- Endring i reglane for gjetarhundprøvar
- Aktivitet i Møre og Romsdal 2025
Vi vil gjerne ha inn nytt frå gjetarhundfronten. Send in materiale om du brukar hunden i praktisk arbeid, heime eller på fjellet, ta bilete og skriv nokre ord.
Send og inn frå trening, kurs og prøver.
Adressa er: redaksjonen@mrgl.no
NM i bruk av gjeterhund 2025
Endelig braker det løs! Gjør deg klar til å oppleve Norgesmesterskapet i bruk av Gjeterhund 2025, direktesendt fra vakre Dovre!
Fra fredag 10. oktober til søndag 12. oktober skal landets aller beste gjeterhund-ekvipasjer kjempe om den prestisjetunge tittelen Norgesmester og den ettertraktede Kongepokalen.
Se hundene og deres førere i et unikt samarbeid når de navigerer sauene gjennom krevende løyper. Dette er sport på høyt nivå som viser presisjon, fart, og et utrolig bånd mellom menneske og hund.
Det er et liveshow for nye fans og de som ikke kunne delta på arenaen med oss. Årets arrangement blir større og bedre enn noensinne. Se live her https://espnprotv.com/nm-gjeterhund
Ellers ser du både startliste og resultat etterkvart som dei er ferdige her
Vi heier naturlegvis spesielt på Jan Myklebust og Halvor Tenden som representerar Møre og Romsdal
Uttaksreglement til uttak til NM
Uttaksreglementet for Møre og Romsdal for NM 2024 (ihht MRGL årsmøtevedtak 2023) finner du her.
Uttaksprøver 2024 for Møre og Romsdal kommer under her:
- Ei valfri Norgesseriehelg (2 prøver)
- Norgesseriehelga på Fiskå den 31.08-01.09.2024 (2 prøver)
- DP 21.09.2024 (1 prøve)
- FM 22.09.2024 (1 prøve)
Tilsaman 6 prøver der dei 4 beste er teljande i uttaket (iflg det vedtatte uttaksreglementet)
Unghundcup´n 2024
Følgjande distriktsprøver inngår i årets Unghundcup:
Her er link til det reviderte "Unghundreglementet".
På grunn av ein misforståelse fra MRGL si side blei ikkje grunnlaget for årets "Unghundcup" publisert på fremsida i tide før første arrangement. Det blei rett nok lagt ut i styremøtereferatet av 17.06.2024, men vi beklager likevel dette og håper det ikkje fører til for store ulemper for deltakarane.
Gjetarhundkurs
Stette
01-02 Juni 2024
Kurset er åpent for alle nivå og instruktør blir Knut Jørgen Oseberg.
Kurset vært arrangert i samarbeid med Studieforbundet Næring og Samfunn.
Pris: 1.800,-pr snute betalast før kursstart til arrangør: Midtre Møre Gjetarhundlag på konto: 3901.30.66225
Påmelding til Merethe på SMS: 995 60 762
Innkalling
Årsmøte i MRGL
4 Februar 2024
Innkallinga ser du ved å trykkje her.
Innkomne saker til årsmøtet vil bli listet opp under:
1: Revidering av uttaksreglementet NM 2024
Utkast til årsmelding her.
Innkalling_Arsmote_MRGL_2023.pdf
MRGL_2023_regnskap_budsjett_pdf.pdf
Kvalifisering til
NM 2024
Poengoversikt finn du her
Med forbehold om feil.
Uttaksreglementet for Møre og Romsdal for NM 2024 (ihht MRGL årsmøtevedtak 2023) finner du her.
Startliste DP og FM 2024
Startsliste DP lørdag 21. september:
Startliste klasse 1 finner du her
Startliste klasse 2 finner du her
Startliste klasse 3 finner du her
Startliste Fylkesmesterskap søndag 22. september finner du her
startliste%20kl%201%20lausund%2021.9.24.pdf
startliste%20kl%202%20lausund%2021.9.24.pdf
I tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, har MRGL ein årleg cup som går over 3-5 distriktsprøver i klasse 2 der vinneren blir gravert inn i skjoldet til "Unghundcupen" for en endelig plass i "The Hall of Fame".
Revidert reglementet finn du her:
Unghundcupen i 2024 vart avgjort gjennom eit sett av distriktsprøver i klasse 2, og vinner av årets Unghundcup 2024 vart Eldar Dale med Odin.
Vi gratulerer!
Resultata på unghundcupen finn du her
Finale i Norsk Nursery 2024
Styret i MRGL ynskjer lykke til, til dei som har kvalifisert seg til finalen i Norsk Nursery og spesielt til Halvor Tenden og Ainor frå Møre og Romsdal.
Les meir om Norsk Nursery her
Sjå startliste laurdag her
Sjå startliste søndag her
Sjå finalen live her
Sjå resultat laurdag her
Sjå resultat søndag her
Representantar i NM 2024 frå Møre og Romsdal
Desse skal representere Møre og Romsdal i NM,
Buskerud, Øvre Eiker og Modum
4. - 6. oktober
1. Merethe Hellevik og Becca, 193 poeng
2. Jan Myklebust og Frøya, 156 poeng
3. Jan Myklebust og Gyda, 152 poeng. (Gjekk vidare pga. betre innbyrdes plassering)
Reserve til NM:
1. Ailen Skogeng og Bow, 152 poeng
2. Knut-Jørgen og Tom, 131 poeng. (Gjekk vidare pga. betre innbyrdes plassering)
3. Halvor Tenden og Ztripz, 131 poeng
Detaljert poengoversikt finn du her
Vi Gratulerer dei som skal representere Møre og Romsdal i NM og heier på dykk.
FM 2024
Årets fylkesmesterskap i bruk av gjetarhund vart halde 22.september på Lausund, Lepsøya. Arrangør av både distriktsprøvene 21.9 og FM 22.9 var Møre og Romsdal Gjetarhundlag (MRGL) Vergudane var i godlune og sørga for tørre markar og dermed fin bane. Sauene var gammalnorsk sau(villsau) av besetninga til Knut-Jørgen Oseberg. Spesielt på FM søndag var det godt med publikum til stades, mange av dei var ikkje kjende med gjeterhundprøver, og syntes det var spennande å sjå flinke gjeterhunder og førere i aksjon.
Dommer for helga var Thomas Rømma.
Distriktsprøvene 21.9 var i alle 3 klasser. Der klasse 2 inngjekk i Unghundcupen, og klasse 3 inngjekk i NM-kvalifiseringa.
Resultat distriktsprøver:
Klasse 1:
1.plass Cliff og Knut-Jørgen Oseberg 70 p og bruksprov
2.plass Ed og Terje Hurlen 39 p
3.plass Teak og Olivia Oseberg
Klasse 2:
1.plass Cliff og Knut-Jørgen Oseberg 70 p
2.plass Odin og Eldar Dale 50 p
3.plass Jet og Vilhjalmur Sveinsson 45 p
Klasse 3:
1.plass Frøya og Jan Myklebust 87 p (OLF 42)
2.plass Midderry Archie og Merethe Hellevik 87 p (OLF 40)
3.plass Luna og Jan Tore Veland 84 p
I Fylkesmesterskapet var det 17 ekvipasjer i innleiande runde, der dei 6 beste gjekk til finale med dobbelthent og sortering. Etter ei spennande finale, der resultatet var hemmeleg heilt til premieutdelinga, vart resultatet slik:
Fylkesmester 2024:
Midderry Archie og Merethe Hellevik 131 p
2.plass: Tom og Knut-Jørgen Oseberg 110 p
3.plass: Becca og Merethe Hellevik 108 p
4. plass Frøya og Jan Myklebust 103 p
5.plass Ztripz og Halvor Tenden 102 p
6.plass Tara og Halvor Tenden 93 p
Pokal for beste unghund FM 2024:
Gyda og Jan Myklebust (49 p)
Gratulerer!
For fleire resultat sjå nsg prøveresultat.
Styret i MRGL ynskjer å takke dommer Rømma, og også ein stor takk til alle som stilte opp på dugnad før, under og etter prøvene. Veldig kjekt at medlemmer kom frå fleire lokallag og hjalp til, med upåklageleg humør og stå på-vilje!
Distriktsprøve Surnadal 12. -13. juli
MidtNorge gjeterhundlag ynskjer velkommen til distriktsprøve i klasse 1 12. juli kl 18.00.
Klasse 2 og klasse 3 13. juli kl 10.00. Klasse 2 inngår i unghundcupen.
Påmeldingsfrist til prøven, torsdag 11. juli kl. 18.00
Kursdeltakerne på Trollheimscampen blir prioritert.
Påmelding til Irene tlf 92 22 64 56
Startkontingent 350 kr til kontonummer 4040.20.24447
Dommer: Knut-Jørgen Oseberg
Adresse Nordholten, Lykkjeeide 322
Helsing MidtNorge Gjeterhundlag
DP Kl 3 i Tresfjord
27.6.2023
Midtre Møre Gjetarhundlag inviterte til distriktsprøve i klasse 3 måndag 27.juni klokka 17.
Resultat:
1.pl Don og Nils E Stråmyr 87p
2.pl Dan og Merethe Hellevik 85p
3.pl Becca og Merethe Hellevik 74p
Stad for prøva var Tresheim, Tresfjord.
Dommar: Paddy Fanning
Startkontingent 250 kr betalast til MMG sin konto 3901 30 66225 eller vipps nr 736498. Merk betalinga med namn på førar
Påmelding til Merethe på sms 99 56 07 62
Oppgi namn og adresse på førar og namn pluss regnr på hunden.
Begrensa antal plassar.
Mvh styret i MMG
"TEAM"
Møre og Romsdal
Møre og Romsdal Gjeterhundlag ynskjer å få til ei langsiktig satsing (over 3 år) med mål om å heve nivået på inntil 8 gjetarhund ekvipasjer frå fylket.
Vi vil ha engasjerte hundeførere med på laget, og formålet med "TEAM Møre og Romsdal" er å BYGGJE LAGÅND OG GJERE KVARANDRE BETRE.
Bakgrunnen for satsinga er stoda til Møre og Romsdal sine NM-plassar, der vi har redusert antall plassar frå 6 til 3 dei siste åra. Denne utviklinga ynskjer MRGL å snu og dette er et mottiltak i så lende.
For å vere med på denne satsinga er det vedtekje følgande vilkår/krav til deltakarane:
• NSG medlem/bosatt i Møre og Romsdal.
• Ha hund på klasse 3 nivå.
• Ynskje om å ta imot instruksjon for å betre prestasjon til hund/førar.
• Ambisjon om å konkurrere i Norgesserien, NM, o.l.
• Forplikte seg på å vere med på to samlingar pr. år. (vår/sommar)
Samlingane vert i området til Midtre Møre Gjetarhundlag.
• Økonomisk forpliktande for deltakaren. Foreløpig estimert pris pr
deltakar, dersom 8 deltakarar; 5000,- pr.år.
Instruktørar på samlingane vert:
Første fysiske samling blir: 25.03.2023 – 26.03.2023, med Jo Agnar som instruktør. I forkant av mars-samlinga vert det eit TEAMS møte der deltakarane får presentere seg og hunden sin, og fortelje om utfordringane dei har. I tillegg presenterer Jo Agnar og Sander opplegget sitt.
På sommersamlinga (dato ikkje bestemt) vert Sander instruktør.
Har DU lyst til å vere med på laget så ta kontakt med Knut-Jørgen Oseberg (tlf 951 52 585) snarast og merk frist for påmelding 20 januar 2023
Mvh Styret i MRGL
Aktivitetshelg i Surnadal 29-30-31 Juli - 2023
Møre og Romsdal Gjetarhundlag arrangerer aktivitetshelg med trening av gjetarhund siste helga i juli. Instruktører frå fylket stiller.
Det vert teori/forelesning fredag kveld, i lokalet på Angråmyra skytebane. Enkel servering. Utanfor lokalet er det gode muligheiter for å parkere bobil og campingvogn utan avgift.
Laurdag vert det praktisk trening av gjetarhund inndelt i grupper med instruktørar på Nordholten. Felles lunsj.
Laurdag kveld blir det sosialt samvær med middag i lokalet på Angråmyra skytebane.
Søndag fortsetter vi med praktisk trening av gjetarhund , inndelt i grupper med instruktørar på Nordholten. Felles lunsj.
Pris pr deltakar 1300,- inkl.mat. Betalast til MRGL sitt kontonummer 3905.12.27100
Påmelding til Knut-Jørgen Oseberg innan 17 juni på sms 951 52 585
Skriv litt om nivå på hunden på hunden når du melder deg på.
Hiv deg med- dette vert kjekt!
Overnattingsalternativ:
Brekkøya camping
Vårsøg Thon hotell
Hammerstuene
Øvre Sæter camping
God jul til alle 2- og 4beinte fra oss i styret
i MRGL 🎅
Gratulerer til Nils E. Stråmyr og Billy!
Uttaksprøver NM 2022
Følgende arrangement inngår i grunnlaget til årets uttak til NM 2022:
• Distriktsprøve VSG – 27.08.2022 kl 3
• Distriktsprøve VSG – 28.08.2022 kl 3
• Fylkesmesterskap VSG – 24.09.2022 kl 3 m/dobbelhent
• Distriktsprøve VSG – 25.09.2022 kl 3
• + 2 valgfrie Norgesseriehelger (fire prøver)
Påmelding Norgesserien opnar 25.7 klokka 9! Meir info finn du her:
Fiskåprøva 27-28 august
Velkomen til Fiskåprøva.
Dommargjennomgong (kl 3) 07.45, med fyrste start rett etter.
Dommar: Stein Dalland
Stad for prøva er ved Gamlevegen, Fiskå.
Bålpanne og kaffi, ta med mat.
Minner om påmelding til Fiskåprøva 27-28 august. Ekvipasjer frå Møre og Romsdal har fyrsterett til å melde seg på i kl 3, innan 10.august, sidan dette er prøver som er med i NM-kvaliken. Etter dette er det førstemann til mølla prinsippet.
Klasse 1,2,3 begge dagar. Klasse 2 prøva på laurdag inngår i Unghundcupen.
Startlister:
Påmelding til Knut-Jørgen Oseberg tlf 951 52 585
Startkontingent 300 kr, betalast til VSG sin konto 3909.30.51274
Mvh styret i VSG
Startliste%20Fisk%C3%A5%20kl%203%20laurdag%2027.8.22.pdf
startliste%20fisk%C3%A5%20kl%202%20unghundcup%20laurdag%2027.8.22.pdf
startliste%20fisk%C3%A5%20kl%201%20laurdag%2027.8.22.pdf
startliste%20Fisk%C3%A5%20kl%203%20s%C3%B8ndag%2028.8.22.pdf
startliste%20kl%202%20fisk%C3%A5%20s%C3%B8ndag%2028.8.22.pdf
startliste%20fisk%C3%A5%20kl%201%20s%C3%B8ndag%2028.8.22.pdf
DP Fursetfjellet 24.8
Nordmøre og Romsdal Gjeterhundlag inviterer til distriktsprøve på Fursetfjellet onsdag 24.august (ettermiddagsprøve).
Klasse 1 og 2 (klasse 2 inngår i Unghundcupen)
Dommar: Knut-Jørgen Oseberg
Starkontingent 250 kr pr ekvipasje, bet Vippsnr: 509050
Påmelding til mbkvernberg@gmail.com eller tlf 95003037
Aktivitetshelga i Surnadal 29-31.juli
Møre og Romsdal Gjetarhundlag (MRGL) arrangerte aktivitetshelg 29-31 juli. Fylket har hatt aktivitetshelg 2 gongar før, men då på vinterstid. I etterkant ser vi at å ha arrangementet på sommeren ga absolutt meirsmak.
Tanken bak aktivitetshelga er at fylkeslaget, MRGL, skal gi noko tilbake til medlemmane sine, og å styrke samhaldet mellom lokallaga.
Instruktørane denne helga stiller gratis, og får kun kompensert reise og opphald.
Helga starta med pizza og teori fredag kveld, i lokala til Angråmyra skytebane i Surnadal.
Ailen Skogeng heldt foredrag om trening av gjetarhund, og eit interessert publikum kom med mange spørsmål.
Laurdag var det oppmøte klokka 9 på Nordholten (treningsområdet til MidtNorge Gjeterhundlag). Det var 4 grupper fordelt på 4 treningsområder. Kvar gruppe fekk hjelp av instruktør/hjelpeinstruktør. Desse var: Ailen Skogeng, Eva Karin Langseth, Halvor Tenden og Knut-Jørgen Oseberg.
Sol og temperatur godt over 20-talet på laurdag gjorde godt for dei tobeinte. Sauene heldt seg forbausande godt, og hundane fekk tilbud om å kjøle seg ned i bekken etter trening.
Felles lunsj sponsa av Nortura både laurdag og søndag.
Laurdagskvelden var det sosialt samvær med grillbuffet i lokala til skytterlaget frå klokka 19 og utover. Kjempegod stemning, og blide fjes over heile linja.
Søndag påàn igjen klokka 9 på Nordholten, med trening av gjetarhund. Felles lunsj ca kl 12, og meir trening etterpå.
Helga vart avslutta i tretida på søndag. Då var det mange slitne hundar, og folk var veldig fornøgde med å ha fått god hjelp av instruktørane med hundane sine.
Ei flott helg der gamle og nye venner møttes gjennom felles interesse for gjetarhund.
Vi må rette ein stor takk til Mona og Malin, som stod for servering av maten gjennom helga. Veldig kjekt å kome til dekka bord!
Primus motor for arrangementet var Eirik Sæterbø som organiserte det meste, men som ikkje kunne vere til stades pga landsskytterstemne. Det er sjølvsagt mange fleire som stod på for at dette skulle verte eit vellykka arrangement, ingen nevnt - ingen glemt. Vi gler oss til neste aktivitetshelg i fylkesregi!
Minner om betaling 1300 kr pr ekvipasje til Møre og Romsdal Gjetarhundlag sin konto: 3905.12.27100.
Mvh
Styret i MRGL
Instruktørane f.v Knut-Jørgen Oseberg, Halvor Tenden, Eva Karin K Langseth, Ailen Skogeng
God stemning i lunsjen!
Mona og Malin, dei to englane som serverte mat og rydda etter slitne deltakarar
Unik mulighet:
Kurs og foredrag med Paddy Fanning
Ledige plasser på foredraget søndag 26 juni kl 17-19.30! Stedet er Tresheim, Tresfjord. 300 kr pr pers.
Det er også mulig å være observatør på kursene. Pris pr dag 300 kr. Ledige plasser!
Bindende påmelding på sms til Merethe Hellevik på tlf nr:
99 56 07 62
Midtre Møre Gjeterhundlag har invitert Paddy Fanning til å komme til Tresfjord og være instruktør på 2 forskjellige kurs og holde et foredrag nå i slutten av juni.
Paddy Fanning har over 25 års erfaring med trening, oppdrett og konkurrering med gjeterhund. Han er i dag aktiv som både instruktør og dommer i Europa og USA, i tillegg til egen trening og oppdrett av border collie.
Paddy har et sterkt fokus på et godt forhold imellom hund og fører. Tanken er å lære bort et system som kan brukes på både nåværende og fremtidige gjeterhunder for fører.
Målet er å få frem gjeterhunder med utholdenhet, styrke og balanse som kan hevde seg på toppnivå, men som først og fremst skal være gode arbeidshunder. Bak metoden ligger også tanker og erfaringer rundt ulike sauer, klima, terreng og andre forhold som er med på å påvirke.
Foredraget søndag vil handle om veien fra valp til ferdig trenet arbeids/konkurransehund. Her har du en unik mulighet til å høre på en internasjonal instruktør snakke om sin brede erfaring med gjeterhund.
3 dagers konkurransekurs på fre 24 - lør 25-søn og 26 juni. Pris 4500 kr pr deltaker. Max 8 deltakere. Hunden må være på klasse 3 nivå. Kurset er fullt.
Foredrag søndag 26 juni kl 17-19.30 i Tresheim, Tresfjord. Pris 300 kr pr pers. Ledige plasser!
2 dagers kurs tirs 28 - ons 29 juni. Pris 3.000 kr pr deltaker. Max 8 deltakere. Hunden må ha en god stopp/ligg og være over skjermingsstadiet. Kurset er fullt.
Det er også mulig å være observatør på kursene. Pris pr dag 300 kr. Ledige plasser!
Bindende påmelding på sms til Merethe Hellevik på tlf nr:
99 56 07 62
NB:Bekreftet plass ved betaling.
ÅRSMØTE MRGL 2021
Årsmøtet for MRGL - Møre og Romsdal Gjeterhundlag 2021 blei avholdt på SYSTRA Kafé på Sjøholt, søndag den 06.02.2022 mellom kl. 13.00 og 15:30.
Kort oppsummert kan ein sei at Årsmøtet 2021 nå er er avholdt og vi vil ynskje det nye styret med den nyvalgte leiaren Knut-Jørgen Oseberg lykke til med organisasjonsarbeidet for det komande året 2022.
Alle dokumenter ifbm årsmøtet 2021 er lagt in under:
Møre Nytt artikkel om årets FM
F.v fylkesmester 2022 Atle Arnesen og Fern. Jan Myklebust 2-3 pl m Rex og Frøya
Beste unghund fm 2022: Tom og Knut-Jørgen Oseberg
Poengberegning til uttak NM 2022
Ståa etter siste DP Steinsvik i årets uttak til NM finner du nedenfor.
Oppmoder alle om å se om sine poeng er korrekt - forbehold om evt. feil.
(Oppdatert etter DP Steinsvik)
Dei som representerer Møre og Romsdal på årets NM i Leirfjord 7.-9.oktober er:
Halvor Tenden og Tara
Halvor Tenden og Ztripz
Jan Myklebust og Frøya
Jan Myklebust og Rex
reserve: Ailen Skogeng og Bow
Gratulerer og lykke til i NM!
Fylkesmesterskap
og
Distriktsprøve
24-25.09
Vestre Sunnmøre Gjeterhundlag inviterte til fylkesmeisterskap (kl.3) laurdag 24.september.
Området var Steinsvika, Folkestad og Per Steinsvik stilte NKS søyene sine til disposisjon for helgas prøver.
Dommer for helga var Stein Dalland.
Fylkesmesterskapet hadde innleiande runde med 19 startande, der dei 6 beste gjekk til finale med dobbelthent og sortering.
I finalen var det berre to ekvipasjer, Knut-Jørgen /Tom og Atle/Fern, som klarte sorteringa og fullførte med kve.
Og for å gjere spenninga komplett var resultata skjulte heilt fram til premieutdelinga.
Fylkesmester 2022 vart
Atle Arnesen og Fern
2.pl Jan Myklebust og Rex
3.pl Jan Myklebust og Frøya
Beste unghund FM 2022:
Tom og Knut-Jørgen Oseberg
Søndag 25. september vart det arrangert DP kl. 3,2,1 på same stad som FM dagen før.
Resultat kl 3:
1.pl Halvor Tenden og Tara
2.pl Halvor Tenden og Ztripz
3.pl Phillipp Schips og Ulla
I klasse 1 vart det seier til Camilla Ringstad Liavåg og Lia 83 p!
For fleire resultat sjå nsg gjeterhundprøver 2022
Takk til dugnadsfolket, grunneigarar, dommar og saueeigar- ingen prøve utan dåkke!
Startkontingent 350 kr betalast til VSG kontonummer: 3909.30.51274 eller
Vipps nr 118573
Mvh
Styret i VSG
Uttak til NM 2021
Følgende er vedtatt når det gjeld uttak til Norgesmesterskapet i Gjeterhund 2021:
- 2 Valgfrie LP-helger (før NM)
- FM i Surnadalen (1 prøve)
- DP i Surnadalen (1 prøve)
Dette er tilsaman 6 prøver, der dei 4 beste resultata danner grunnlaget i poengutregninga til uttaket til NM i gjeterhund 2021.
Poengskalaen til Norgesserien skal nyttes for alle prøvene i uttaket.
(Innbyrdes plassering fra FM og DP Surnadalen, og sanka poeng ellers fra Norgesserien)
Fylkesmester er direkte kvalifisert til NM.
Her er endelig summering av poeng etter siste FM/DP, helgen 02-03.10.2021
Dette betyr at følgande ekvipasjer skal representere Møre og Romsdal i årets NM i bruk av gjeterhund:
- Eva Karin Langseth/Maya
- Jan Myklebust/Akersborg Rex
- Eva Karin Langseth/Ally
- Atle Arnesen/Lill
- Knut Jørgen Oseberg/Floke
- Jan Myklebust/Frøya
- Atle Arnesen/Mirk
1. reserve: Pilipp Schips/Ulla
2. reserve: Knut-Jørgen Oseberg/Lenda
Lykke til :)
Gjeterhundkurs
Stormskjold Gard Farstad
Nordmøre & Romsdal Gj.hundlag (NRG) arrangerer gjeterhundkurs den 12-13.06.2021 på Stormskjold Gard på Farstad.
Instruktør blir Aleksander Strøm
Kontaktperson: Astri M. Mork på telefon: 936 14 828
NB: Husk smittevernreglene på slike arrangement, les her
Unghundcupen 2021
I tillegg til å årlig kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, har MRGL ein årleg cup som går over 3 distriktsprøver i klasse 2, kalla "Unghundcupen".
Reglar for Unghundcupen finn du ved å trykkje her..
Desse distriktsprøvene inngår i Unghundcupen 2021 (alle i kl.2):
Gamlemsvik (ISG)
Stette (MMG)
Myklebust/Nordstrand? (VSG)
Dato kjem vi tilbake til når dei er bestemte frå arrangørane
NM i bruk av Gjeterhund 2021
NM i bruk av gjeterhund ble i år arrangert av gjeterhundlagene VSG og ISG i samarbeid. Stedet vart lagt til Myrane øvst i Follestaddalen, helgen 08-10 okt.
NM arenaen på Myrane er en oversiktlig og fin arena med gode lytteforhold og nærmest optimal mht størrelse og oversikt til et såpass stort arrangement. Stedet toppes med en innramming av vill natur der Kolåstinden er en av dei finaste toppane rundt arenaen.
Resultat messig kom "Møre Benken" greit ut, og følgende plasseringer ble oppnådd:
- Jan Myklebust/Frøya: 13 pl
- Knut-Jørgen Oseberg/Floke: 21 pl
- Atle Arnesen/Mirk: 43 pl
- Jan Myklebust/Akersb. Rex: 75 pl
- Atle Arnesen/Lill: 76
- Eva Karin Langseth/Maya: 78 pl
- Eva Karin Langseth/Ally: 87 pl
Ut fra de gode tilbakemeldingene og det faktum at arrangementet nærmest gikk på skinner gjennom hele helgen må vi konkludere med at det ble et vellykka arrangement.
Vi må i denne sammenheng takke alle som bidro og hjelpte til med få gjennomført årets NM, herunder alle i NM komiteen og ikke minst alle dugnadsfolka. I tillegg må vi spesielt skryte av de jevne og flotte sauene til Sara og Knut-J. Oseberg som i år sørget for at dette ble et kjempeflott Norgesmersterskap.
Det er også viktig å takke NSG sine utsendinger, Karianne og Cecilie Kjelstrup som nesten uanfektet løste alle tekniske utfordringer gjennom helgen.
Ellers en stor takk til publikum som "stod han av" og bidro til å ramme inn dette Norgesmesterskapet.
Merethe Hellevik og Becca
FM 10.10/DP 11.10
Midtre Møre Gjetarhundlag ynskjer velkomen til fylkesmeisterskap laurdag 10.oktober, og til distriktsprøve sundag 11.oktober, adresse: Gjelsteinvegen 299, frå Fiksdal mot Rekdal.
Dommar for helga er Bjørn-Ola Vaagaasarøygaard.
FM start kl 9.30.
Dei 6 beste frå innleiande runde går vidare til finale med dobbelthent og sortering.
Startkontingent FM: 350,-
Distriktsprøve sundag 11. okt. klasse 3, 2, 1 - Start kl.3 klokka 10
Startkontingent DP: 300,-
Startlister:
Betaling til MMG sin kontonr: 3901.30.66225.
Påmelding til:
Terje Hurlen tlf: 995 479 30 (sms) Hugs frist for påmelding 8.10.
Ingen matservering, ta med niste.
Hugs smittevernreglane.
Velkomen!
DP Stette 5 september
Midtre Møre Gjetarhundlag ynskjer velkomen til distriktsprøve i klasse 1 og 2 laurdag 5 september kl.11 på Opskar, Stette. Klasse 2 inngår i Unghundcupen.
Dommar er Andor Bjørke.
Dersom få påmelde vert det køyrt doble prøver.
Påmelding til Terje Hurlen på sms: 995 47 930. Hugs namn på førar, namn og reg.nr på hunden.
Startkontingent 250 kr betalast til MMG sin konto: 3901 30 66225
Velkomne til gjetarhundprøve og hugs smittevernreglane!
Landsprøve Follestaddalen
29 - 30 august
Velkommen til Landsprøve i Follestaddalen i Møre & Romsdal.
Follestaddalen ei bygd i Ørsta kommune, og stedet hvor prøven skal holdes er et flott område som ligger i nærheten til Øyasætra.
Bildet viser prøveområdet (trykk her for større bilde.
Overnatting:
Havila Hotell Ivar Aasen:
700 45 100
Orsta Hostel:
996 27 948
Ørsta Camping:
70 06 64 77
Hjørundfjord Camping:
700 40 016.
Brudevoll Gard:
700 69 906 - 970 39 745
Dommer: Jo Agnar Hansen
Kontaktperson:
Knut Jørgen Oseberg:
Email:knut.oseberg@tussa.com
Telefon: 951 52 585
Husk Covid 19 smittevernsreglene
Det blir INGEN matservering.
Gjeterhundprøve i Sørdalen 23.08.2020
Det arrangeres gjeterhundprøve
Kl 1 og 2 i Sørdalen 23/8.
Det blir mulighet til å gå to klasse 1 prøver og ei klasse 2 prøve.
250 kr per start/ekvipasje til
Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag sin konto: 3909 30 51274
På melding til Sara Larsson på tlf 48259605.
Start kl 10 - Dommer A. Bjørke
Det blir ingen matservering og husk smittevernreglene, les her
Unghundcupen 2020
I tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, har MRGL ein årleg cup som går over 4 distriktsprøver i klasse 2, kalla "Unghundcupen".
Reglar for Unghundcupen finn du ved å trykkje her..
Desse distriktsprøvene inngår i Unghundcupen 2020 (alle i kl.2):
Saurdalen 28.03 (VSG) Koronautsett
Tynes 30.05 (ISG) Koronautsett
Stette 05.09 (MMG)
Ukjent? (NRG)
Uttak til NM 2020
Følgende er vedtatt når det gjeld uttak til Norgesmesterskap i Gjeterhund 2020:
- Landsprøvehelg 29-30.08 Follestaddalen (2 prøver)
- Valgfrie landsprøver (dei 2 beste landsprøve resultata i tida før NM)
- Fylkesmeisterskap i Fiksdalen (1 prøve)
- Distriktsprøve i Fiksdalen (1 prøve)
Dette er tilsaman 6 prøver, der dei 3 beste resultata danner grunnlaget i poengutregninga til uttaket til NM i gjeterhund 2020.
Poengskalaen til Norgesserien skal nyttes for alle prøvene i uttaket. (Innbyrdes plassering fra FM og DP Fiksdalen, og sanka poeng ellers fra Norgesserien)
Her er endelige poengsummer i uttaket til NM 2020 (Merk, et lite forbehold - ikke endelig kontrollert)
Unghundcupen´n
I tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, har MRGL ein årleg cup som går over 3-4 distriktsprøver i klasse 2 der vinneren blir gravert inn i skjoldet til "Unghundcupen" for en endelig plass i "The Hall of Fame".
På grunn av Covid-19 situasjonen ble unghundcup´n 2020 avlyst.
Vi tar derimot fatt på ny runde i Unghundcup´n 2021 (og du kan les detaljer om den til venstre på denne siden)
DP Lepsøya laurdag 5.okt
Midtre Møre Gjetarhundlag inviterer til distriktsprøve i klasse 1, 2 og 3, laurdag 5.oktober.
Staden for prøva er på Lepsøya, hjå Merethe Hellevik. Adresse: Lepsøyvegen 379.
Dommar: Jan Kåre Ravnøy.
Påmelding til Merethe tlf: 99 56 07 62
Startkontingent 300 kr betalast til MMG sin konto 3901.30.66225 innan prøvestart.
Starttidspunkt klokka 10.30.
Startlister:
Det går ferje frå Skjelten klokka 9.40, den er på Lepsøya 10.20. Sei ifrå at de skal på Lepsøya ved ombordkøyring.
Klasse 3 vert arrangert fyrst. Dette er den siste av i alt 5 uttaksprøver til NM.
Ei lita pause etter kl 3, med sal av pølser og kake i gapahuken ved Demma.
Så vert klasse 1 og 2 helde etterpå.
Velkomen til Lepsøya!
ny%20startliste%20dp%20lepsoy%205.10.19%20kl%203.pdf
DP Gule 24-25 august
Nordmøre og Romsdal Gjetarhundlag ynskjer velkomen til distriktsprøver 24.-25.august på Gule v/Bud.
Laurdag 24.august er det klasse 3. Denne prøva er ei av fylket sine uttaksprøver til NM.
Søndag 25.august vert det prøve i klasse 1 og 2.
Klasse 2 inngår i Unghundcupen.
Oppstart klokka 10 begge dagar.
Dommar for helga er Bjørn Berntsen.
Mogleg å grille dersom veret vert bra.
Campingplass like i nærheita.
Påmelding til :
Jostein.Royset@hydro.com
tlf: 971 490 21
300 kr klasse 3
250 kr klasse 1 og 2
betalast til kontonummer 3930.03.90092
eller VIPPS 509050
Dp kl 1 i Aure 28.juli
Aure sau og geit arrangerer distriktsprøve i klasse 1 søndag 28.juli i Aure (adresse Brekkvegen 1582)
Tidspunkt for start klokka 15
Dommar vert Jacob Vetrhus
Påmelding til Wenche Hjelanes på tlf: 45 69 31 59 eller e-post: overnesset@neasonline.no
Startavgift 250 kr betalast kontant eller vipps til 45 69 31 59
Gjetarhundkurs Stette 22.-23.juni
Midtre Møre Gjetarhundlag inviterar til kurs i bruk av gjetarhund 22 - 23 juni. Kurset blir på Stette.
Instruktør: Anne Kari Veikleenget.
Pris: 1400 kr. betalast til MMG sin konto: 3901.30.66225
Påmelding til Ingrid Iversen tlf: 926 97 320
Kurset vert arrangert i samarbeid med studieforbundet næring og samfunn
Velkomen til kurs! 🙂
Gjetarhundkurs Hollingen 8.-9.juni
Gjetarhundkurs på Hollingen 8.-9.juni.
NB: 1 plass ledig!
Instruktør: Jonathan Gerhard Haakull.
Kurset er for hund over 10 mnd. alle nivå.
Påmelding
til Lisbeth Hollingsholm tlf: 476 10 448
Pris for kurset er ikkje endeleg avklart (ca 1800,-)
Innbetaling til kontonummer. 3930.03.90092
Kolåstindprøva 1.-2.juni
Velkomne til prøver på Myrane
Laurdag klasse 3 og 1 (klasse 3 laurdag er ei av NM-uttaksprøvene i fylket)
Dommargjennomgong klokka 07:45 i klasse 3 laurdag
Dommar laurdag: Magnus Grimeland
Sundag klasse 2 og 3 (klasse 2 inngår i Unghundcupen)
Dommar sundag: Andor Bjørke
Sal av brennsnut begge dagar!
Fleire plassar er det mogleg å setje frå seg bobil
Startavgift 300 kr pr ekvipasje, innbetalast før start til Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag sin konto: 3909.30.51274
Påmelding innan 24.mai til Anne Katrin Melle på tlf: 951 09 837
Mvh Styret i VSG
DP Opskar, Stette 26.mai
Søndag 26.mai arrangerte Midtre Møre Gjetarhundlag distriktsprøve på Opskar, Stette i klasse 3 og 2.
Klasse 3 var fyrst ut, med 18 startande. Det vart køyrt med 4 sauer i flokken og singling før kve. Skrå inndriving her og, i likheit med distriktsprøva dagen før på Tynes.
Øverst på reultatlista på Stette:
1.pl: Kess og Jenny Bollås 91p
2.pl: Zack og Sissel Modin 89p
3.pl: Storm og Jan Myklebust 88p
Sjekk NSG for fleire resultat.
I klasse 2 var det 3 startande, og resultatmessig vart det slik:
1.pl: Finn og Sissel Modin 79p
2.pl: Ailo og Ingrid Iversen 68p
3.pl: Sansa og Anne Katrin Melle 44 p
Klasse 2 inngjekk i Unghundcupen. Og etter 2 av 4 prøver leiar Sansa og Anne Katrin!
Neste prøve i Unghundcupen er klasse 2 i Kolåstindprøva 2.juni.
Takk til dommar Andor Bjørke, og ikkje minst til dugnadsfolka som stiller opp gong etter gong- ingen prøve utan dei!
Startavgift 250 kr pr ekvipasje, betalast inn til Midtre Møre Gjetarhundlag sin konto:
3901.30.66225.
Skal vere innbetalt før prøvestart.
Mvh
Styret i MMG
Distriktsprøve på Tynes den 25.mai
Indre Sunnmøre Gjeterhundlag var arrangør og stedet var på Tynes i Sykkylven Kommune.
Veret var skiftande mellom sol, og litt regn men greit ver for å halde gjetarhundprøve.
Først ut var klasse 3, der bana vart sett med litt skrå inndriving som nok gjorde sitt til at dei aller fleste valde å sende ut til venstra. Nærarbeidet besto av deling, kve og skiljing og saudne som ikkje hadde vore på bana før, ga ekvipasjene bra med utfordringer.
1. Zac/Karianne Buer 99p.
2. Roxy/Nils E Stråmyr 94p.
2. Pr Caspian/Roger Løvik 93p.
I klasse 1 og 2 vart bana ei meir tradisjonell bane med rett inndriving og tre portar. Noko trekk ned mot kve gjorde at ekvipasjane vart utfordra på frådrivinga, men mange mestra dette glimrande. Merk at klasse 2 inngikk i unghundcup´n.
Resultat: Klasse 1 - Klasse 2 - Klasse 3
Totalt stilde 38 ekvipasjer, fordelt mellom 26 i klasse 3, 5 i klasse 2 og 7 i klasse 1.
Indre Sunnmøre Gjetarhundlag vil takke for godt oppmøte og jevnt over god dyrehandtering gjennom heile prøva.
Dommer var Andor Bjørke
For de som enda ikkje har betalt startavgift, så minner ISG om det. Betal snarast 250 kr pr ekvipasje, til Indre Sunnmøre Gjetarhundlag sin konto: 3910.25.58506
Du kan gjerne vipse til: 536789
Mvh Styret i ISG
Poengberegning Uttak NM 2019 (etter 4 av 5 prøver)
Her kjem poengberekning for årets uttak til NM 2019 etter 4 av totalt 5 prøver.
(Forbehold om evt feil/foreløpige resultater 🙂)
Merk at de 3 beste resultata er teljande i utrekninga. Sjå årets Uttaksreglement for NM-kvalifisering 2019 her..
Korleis knytte NSG-medlemskapet ditt til NKK
MRGL har fått spørsmål om korleis ein skal knytte medlemskapet sitt i Norsk sau og geit til NKK
På www.nsg.no kan du finne svar på ymse spørsmål om NSG/NKK samarbeidet og i tillegg er det enkelt å registrere NSG-medlemskapet sitt til NKK derifrå.
Link til NSG-sida:
Kvalifiseringsopplegg til NM-2019
Årets prøver som inngår i NM-kvalifiseringa for Møre og Romsdal er:
Kolåstindprøva 01.06 (VSG)
Fylkesmeisterskap m/finale Sykkylven 29.06 (ISG)
Distriktsprøve Sykkylven 30.06 (ISG)
Distriktsprøve Gule, Bud 24.08 (NRG)
Distriktsprøve Lepsøy, Haram 05.10 (MMG)
Uttaksreglement for NM-kvalifisering 2019 finn du ved å trykkje her..
Unghundserien 2019
MRGL har,i tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, ein årleg cup som går over 4 distriktsprøver i klasse 2, kalla Unghundcupen.
Reglar for Unghundcupen finn du ved å trykkje her..
Desse distriktsprøvene inngår i Unghundcupen 2019 (alle i kl.2):
Tynes, Sykkylven 25.mai (ISG
Opskar, Stette 26.mai (MMG)
Kolåstindprøva 2.juni (VSG)
Gule, Bud 25.august (NRG)
NM i bruk av gjetarhund 2019
Møre og Romsdal har ei fylkeskvote på 6 hundar.
Dei 6 ekvipasjane som, etter 5 kvalifiseringsprøver, har kvalifisert seg til NM 2019 er:
Frøya og Jan Myklebust (VSG) (fylkesmester 2019 og direkte kvalifisert)
Akersborg Rex og Jan Myklebust (VSG) 40 p
Andy og Susann R. Osnes (ISG) 34 p
Solvollgardens Blizz og Merethe Hellevik (MMG) 33 p
Mirk og Atle Arnesen (VSG) 30p
Lill og Atle Arnesen (VSG) 27 p
1.reserve: Dan og Andor Bjørke (ISG) 23 p
2.reserve: Floke og Sara Larsson (VSG) 21 p
Vi gratulerer og ynskjer lukke til i NM Alvdal 11.-13.oktober!
NM i Alvdal 2019
Her kjem ei kort oppsummering av NM 2019
Møre og Romsdal deltok med 6 hundar i årets NM.
Det vart litt stang ut for dei fleste frå fylket, men Merethe Hellevik og Blizz gjorde eit flott løp på innleiande fredag og kvalifiserte seg til finalen på søndag.
I finalen var det dobbelthent og sortering. Å hente flokk nr 1 gjekk fint. Flokk nr 2 var ute av syne for hunden (mest 500 m unna) og Blizz måtte ha mange kommandoer før ho fann dei. Ho fekk til slutt henta dei, samla begge flokkane og fekk dei gjennom bana og inn i sorteringsringen. Etter å ha fått sortert vekk nokre umerka dyr, var det ei søye med merke som ville bort til dei andre, og Blizz kom for nær når ho skulle prøve å stoppe ho,og vart diskvalifisert.
Blizz og Merethe enda dermed på ein fin 16.plass i NM.
Neste års NM-kvote er på 5 hundar frå Møre og Romsdal.
Vil du lese meir om NM 2019 gå inn på:
http://www.nsg.no/gjeterhund/andreas-eklund-ble-norgesmester-i-bruk-av-gjeterhund
29-30 juni
Årets fylkesmeisterskap i gjetarhund vart arrangert laurdag 29 juni på Haugseth i Sykkylven.
Dei 6 beste frå den innleiande runden gjekk til finale med dobbelthent og sortering.
Jan Myklebust var som vanleg i slaget,og fekk alle 3 hundane sine Rex, Storm og Frøya til finale.
Atle Arnesen hadde 2 i finale: Mirk og unghunden Lill.
Lill vart beste unghund i FM 2019. Den bragden klarte ho ifjor og! Dette var faktisk det tredje fylkesmeisterskapet ho deltok i, sjølv om ho nettopp har fylt 2 år!
I tillegg var Andor Bjørke og Dan og i finalen.
Sauene av rasen gammalnorsk spæl,var i god form og veldig glade i kvarandre, så finalistane fekk verkeleg bryne seg i sorteringa. Sauane vart for smarte denne gongen, så ingen klarte å sortere ferdig.
Men ein fylkesmeister vart kåra, og det vart Frøya og Jan Myklebust (118p) Og som vinnar av FM er dei direkte kvalifiserte til NM.
2.pl FM
Dan og Andor Bjørke 116p
3 pl. FM
Storm og Jan Myklebust 111p
4.pl og beste unghund FM
Lill og Atle Arnesen 109p
5.pl FM
Mirk og Atle Arnesen 106p
6.pl FM
Rex og Jan Myklebust 90p
Gratulerer!
Dommar i helga var Egil Lomsdalen frå Gran på Hadeland.
På søndag 30 juni vart det arrangert distriktsprøve i klasse 3, 2 og 1.
FM laurdag og DP kl. 3 søndag var uttaksprøver for Møre og Romsdal. Søndag var det skiftande ver, med nokre skikkelege regnbyger. Likevel var det mange blide fjes å sjå.
Og stor takk til utsetjarane og dugnadsfolket i kvea (frå Sykkylven Sau og Geit) som heldt ut.
Topp 3 i klasse 3 søndag:
1.pl Andy / Susann Osnes 100p
2.pl Lill / Atle Arnesen 91p
3.pl Rex / Jan Myklebust 91p
Klasse 2 søndag:
1.pl Jazz / Ailen Skogeng 81p
2.pl Tarja/Gunnhild Larsgård 77p
3.pl Tyra / Ola Steinsvik 75p
Klasse 1 søndag:
1.pl Medusa / Roger Løvik 81p og bruksprov.
2.pl Kira / Atle Arnesen 72p og bruksprov
Gratulerer!
Sykkylven Rideklubb hadde kiosk begge dagar,og der kunne ein få kjøpt både varmmat og kaker.
Pris pr ekvipasje på FM 350,- (pga få påmeldte)
Pris: 275,- pr ekvipasje for DP søndag.
Samtlige betaler til ISG sin konto 3910.25.58506 før prøvestart
Du kan gjerne vipse til: 536789
Prøvene denne helga vart arrangert i samarbeid med Sykkylven Sau og Geit og Sykkylven Rideklubb.
Sponsor til arrangementet var Norske Felleskjøp SA
Vinnar av Unghundcupen 2019
Gratulerer til Karina Stråmyr og Strawmoor Pixie
Landsprøve Møre og Romsdal 22-23 september
Sist helg var det landsprøvehelg i Velledalen. ISG og MMG hadde i fellesskap teke på seg å arrangere to gjetarhundprøver i «Norgesserien»
Eit slikt arrangement har etter kvart vorte nesten som eit «mini NM»
Det krev både førebuing og eit «velsmurt» dugnadskorps for å kunne gjennomførast på ein god måte.
Veret i den vakre dalen var absolutt ikkje på arrangørane si side. Silregn, grått og kjølig er vel det som best beskriv dei vêrmessige tilhøva. Berre unntaksvis kunne dei imponerande fjelltoppane med nysnø på begge sider av arenaen skimtast.
Heldigvis var det førebudd tak over hovudet i form av to telt og kiosken som hadde varm «SODD», kaffi, pølser, vafler og brus vart godt besøkt. To av dei tøffaste tilreisande prøvde og kroneis!
Det var samla 41 ekvipasjer klare til start laurdag kl.08.00 for å konkurrere om å samle mest mulig av dei 110 poenga som er oppnåelege på ei slik prøve. (Utgang 20, løysing 10, inndriving 20, kryssdriving 30, deling 10, kve 10 og skiljing 10.)
Best laurdag var hunden Storm og Jan Myklebust med 105 poeng! Nærast dei kom Sanki og Magnus Grimeland med 100 poeng. Nr 3 og 4 Linn Kristin Flaten med hhv Billie Jean(96p.) og Denwyn Jess(94p.). Hunden Storm og Sissel Modin blei nr. fem(93p.) og Ivo og Ronny Ove Smedsmo tok sjetteplassen(92p.).
Gjetarhundkurs i Velledalen 27-30 august
Indre Sunnmøre Gjetarhundlag inviterer medlemmane sine til gjetarhundkurs 27.-30.august.
Instruktør: Derek Scrimgeour.
Alle nivå.
Kursstad er Velledalen.
Påmelding til Susann Osnes tlf: 957 04 411
Pris pr. dag: 1000 kr.
Kurset er forbeholdt medlemmar i Indre Sunnmøre Gjetarhundlag.
Prøvehelg Gule 25-26 august
Nordmøre og Romsdal gjetarhundlag inviterte til prøvehelg på Gule den 25. og 26. august.
Laurdag 25. august klasse 2 og klasse 1, i den rekkefølga.Klasse 2 var ei av prøvene i Unghundcupen.
Resultat for klasse 1:
1.pl: Max og Kari Hånsnar 80p
2.pl: Jenny og Merethe Hellevik 79p
3.pl: Fly og Vignir Arnason 57p
Resultat for kl.2:
1pl: Ztrips og Halvor Tenden 76p
2.pl: Tii og Torstein Ytre 74p
3pl: Målli og Monika Kvernberg 69p
I Unghundcupen (klasse 2) var det Pixie og Karina Stråmyr som sanka flest poeng. Med Aiko og Martin K. Olsen på plassen etter.
Søndag 26. august klasse 3.
Dette var den fyrste av fem kvalifiseringsprøver til NM for deltakarar frå Møre og Romsdal.
Topp 3 i klasse 3:
1pl: Trixie og Halvor Tenden 96p
2.pl: Fern og Atle Arnesen 91p
3.pl: Rex og Jan Myklebust 90p
Innbyrdes i fylket(med tanke på NM-kvalik) vart dei 6 beste slik:
1. Fern og Atle
2. Rex og Jan
3 Mirk og Atle
4. Bennis og Merethe
5. Roxy og Nils
6. Frøya og Jan
Dommar for helga var Bjørn Berntsen.
Nordmøre og Romsdal Gjetarhundlag hadde stått på for at arrangementet skulle bli vellukka.
Kiosken var vel verdt eit besøk i seg sjølv, med grillmat, drikke og gode kaker.
Og den kvea som var hengsla og enkelt kunne forandrast i djupne var veldig snedig.
Gule ligg rett ved Bud, rundt 40 min køyring frå Molde.
Der er rikeleg med overnattingsmuligheiter i nærleiken. Underteikna overnatta på Bud camping. Oppdaga at også andre gjeterhundvenner hadde gjort det same valet, så vi fekk ein fin laurdagskveld ilag.
Fiskerestauranten på Bud bydde på god mat, og med kystfortet rett ved fekk vi vere turistar i tillegg til prøvedeltakarar.
Takk for ei flott prøvehelg,kjem gjerne igjen!
Mvh Merethe
Påmeldingsavgift; kr 250,- for klasse 1 og klasse 2, kr 300,- for klasse 3
Betalast inn til laget sin konto 3930.03.90092, eller vipps til 509050, innan prøvestart.
NB: Påmeldinga til Norgesserien har opna
Link til påmelding finn du på NSG
Til Gjeterhundlag/nemnder
Link for påmelding for arrangørene av norgesserien ligger i dag ute på hjemmesiden til Norgesserien: www.nsg.no/norgesserien
Les nøye hvilke fylke som har påmelding når. Det er som vanlig delt i 3 runder med påmelding. Nå for arrangør, så for de som har søkt om norgesserie og til slutt alle. Det står under hver påmelding hvilket fylke det gjelder. Gi beskjed ut i deres fylke om påmelding slik at alle får det med seg.
Nord-Norgesserien åpner for påmelding den 17. august. På hjemmesiden.
Ta kontakt om det er spørsmål.
Med vennlig hilsen
Norsk Sau og Geit
Cathinka Kjelstrup
Rådgiver organisasjon/gjeterhund
ck@nsg.no
+47 416 77 608
www.nsg.no
Gjetarhundkurs 11-12 august i Syvde
Vestre Sunnmøre gjetarhundlag står som arrangør av eit instruktørkurs. No den 11. - og 12.8. i Syvde står siste bolken for tur.
I samband med dette treng instruktørelevane ekvipasjar å instruere. Vi kan ha maks 8 deltakarar, og helst på alle nivå. Deltakarane vert delt i to grupper, og ein vil såleis få tettare/ oftare oppfylgjing enn på eit ordinært gjetarhundkurs.
Kurset vert gratis.
Ta kontakt om du ynskjer å vere med.
Atle Arnesen tlf: 976 54 902
Distriktsprøve Stette 5.august
Midtre Møre Gjetarhundlag arrangerte distriktsprøve i klasse 1 og 2 på Opskar, Stette, søndag 5.august.
Vi er glade for at dommar Jakob Gjerde frå Etne i Hordaland igjen tok turen oppover til Sunnmøre for å døme prøva.
Sidan det var få påmeldte bestemte vi oss for å ha doble prøver, slik at dei som ville kunne gå to gongar. Det var jamvel ein som fyrst starta i klasse 1, og etterpå hoppa opp i klasse 2, der han gjorde det veldig bra!
Vi vil og skryte av nybegynner Anna Marie Lien, som gjekk si fyrste gjetarhundprøve nokonsinne, fekk bruksprov og vann klasse 1 med solide 92 poeng!
Vi fekk faktisk 5 nye bruksprov på Stette søndag!
Resultat klasse 1 (prøve nr 1):
1. Ivo og Anna Marie Lien 92 p
2. Aiko og Martin K Olsen 92 p
3. Jenny og Merethe Hellevik 83 p
4. Link og Arnfinn Lien 76 p
5. Kitty og Monika Kvernberg 58 p
Resultat klasse 1 (prøve nr 2):
1. Jenny og Merethe Hellevik 93 p
2. Link og Arnfinn Lien 75 p
3. Kitty og Monika Kvernberg 63p
Resultat klasse 2(Unghundcupen)
1. Pixie og Karina Stråmyr 85 p
2. Aiko og Martin K Olsen 79 p
3. Biko og Philipp Schips 73 p
4. Frøken og Sunniva Nupen 52 p
5. Floke og Sara Larsson 40 p
6. Sansa og Anne Katrin Melle 35p
Resultat klasse 2 (prøve nr 2)
1.Aiko og Martin K Olsen 87 p
2. Pixie og Karina Stråmyr 86 p
3. Frøken og Sunniva Nupen 82 p
4. Floke og Sara Larsson 82 p
5 Biko og Philipp Schips 24 p
6. Sansa og Anne Katrin Melle 20p
Gratulerer, godt jobba!
Takk til deltakarane, som i tillegg til å gå prøve også stillte opp og hjalp til undervegs. Det var nokre kjekke timar på Stette.
Startkontingent prøve nr 1: 250 kr.
Prøve nr 2: 200 kr.
Betalast til MMG sin konto: 3901.30.66225
Gjetarhundkurs på Myrane 7-8 juli
Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag ynskjer velkomen til gjetarhundkurs på Myrane (treningsbana til VSG) 7-8 juli.
Instruktør vert Ailen Skogeng.
Kurset er ope for hundar og førerar på alle nivå.
Påmelding til Anne Katrin Melle på tlf: 951 09 873
Kursavgift 1500 kr, betalast til VSG sin konto: 3909.30.51274.
Velkomen til trening/grillkveld 3.7 på Stette
Midtre Møre Gjetarhundlag inviterer til trening med sosialt samvær og grilling på Stette tirsdag 3.juli, frå kl.18 og utover kvelden.
Vi fyrer opp i bålpanna, så ta med grillmat og drikke.
Velkomen til ein triveleg kveld, vi håpar at DU kjem!
Mvh
Styret i MMG
Gjetarhundkurs på Opskar, Stette 2-3 juni
Midtre Møre Gjetarhundlag arrangerar gjetarhundkurs 2-3.juni på Opskar, Stette.
Max 8 deltakarar. Passar for hundar/førerar på alle nivå.
Kursstart laurdag 2.6 klokka 10
Instruktør: Anne Kari Veikleenget
Påmelding til Ingrid Iversen tlf: 926 97 320
Kursavgift 1400 kr. betalast til MMG sin konto: 3901.30.66225 innan kursstart.
Kurset vert arrangert i samarbeid med Studieforbundet næring og samfunn
Kolåstindprøva 2-3 juni
Vi startar med dommargjennomgang for klasse 2 klokka 8 imorgon, laurdag.
Så bygg vi om og køyrer nokre startar i klasse 3 - kanskje 9 ekvipasjar. Høgst truleg tek vi då ei lang pause, for så å starte på att på ettermiddagen ein gong.
For oss vert det spennande med kveldsprøve. Vi trur det vert ei positiv oppleving i fint kveldsver i foten av Kolåstinden.
Søndag er det ikkje noko som tilseier endringar på oppsett plan.
Vel møtt alle saman!
Då er det klart for ny Kolåstindprøve. Arealet er fint. Dyra går godt. Og også i år har vi påmelde ekvipasjar frå mest heile Sør-Noreg. Vi har enno plass til nokre startande til.
Laurdag den 2.6. startar vi kl. 10:00 med klasse 2. Så kjem klasse-3-hundane deretter.
Søndagen set vi i gang på same tid, og startar med klasse 1. Så klasse 3. Odd Bjarne Bjørdal dømmer prøvene.
Vi steller i stand eit varmtmåltid på arenaen begge dagane, og kaffikjelen vert også på plass.
Startavgifta er sett til kr. 300,- per startande. Avgifta må betalast inn på førehand til Vestre Sunnmøre gjetarhundlag, kto. 3909.30.51274.
Påmelding til philipp.schips@gmail.com eller 908 93 283.
Prøvehelg arrangert av ISG/MMG 26-27.mai
Indre Sunnmøre Gjetarhundlag og Midtre Møre Gjetarhundlag ynskjer velkomen til distriktsprøver siste helga i mai.
Dommarar for helga vert Magnus Grimeland/Andor Bjørke (dommaraspirant)
Laurdag 26.mai er det ISG som arrangerer distriktsprøve i klasse 3,1,2 på Tynes.
Dommargjennomgong kl 10.30.
Påmelding til Nils E. Stråmyr på tlf: 900 83 282
Startavgift Tynes 250 kr pr ekvipasje betalast til ISG sin konto:3910.25.58506.
Søndag 27.mai er det MMG som arrangerar dp i klasse 3 og 1 på Opskar, Stette.
Merk at på Stette er det ikkje så mange sau tilgjengeleg, slik at vi må avgrense antal deltakarar her.
Dommargjennomgong kl 11.
Påmelding til Merethe Hellevik tlf: 995 60 762
Startavgift Stette 250 kr pr ekvipasje betalast til MMG sin konto:
3901.30.66225
Distriktsprøve Syvde 14 april
VSG har fått innspel om å arrangere ei gjetarhundprøve før lamminga er komen skikkeleg i gong og anna arbeid om våren set sperre for slik aktivitet. Det kan vi få til i Sørdalen i Syvde no laurdag 14. april.
Vi startar kl 10:00 med kl 1, så kl 2 og til slutt kl 3. Dersom det vert fleire påmelde enn vi kan handtere reint praktisk prioriterar vi kl 1 og 2 og set deltakaravgrensing på kl 3.
Startkontingenten er kr 250,- og må settast inn på laget sin konto før prøvestart.
Kontonr: 3909.30.51274
Sunniva Nupen tek mot påmelding, tlf. 930 37 343, sunnivann@gmail.com
Dugnad på Stette 7.4.kl:13
Velkomen til årets dugnad på Opskar,Stette førstkomande laurdag klokka 13.
Vi skal sjå over gjerdet og reparere der det trengs. Om vi blir nok folk skal området der ein trenar unghundar delast i to.
Ta med hammar og tong.
Dersom humøret er bra får de servert kaffi og sjokoladekake!
Mvh
Styret i MMG
Gjetarhundkurs i Skorgen 17.-18.mars
Midtre Møre Gjetarhundlag inviterte til kurs i bruk av gjetarhund 17.-18.mars. Kurset var på eit flott område i Skorgen.
Torkjel Solbakken kom og var instruktør for åtte motiverte kursdeltakarar. Hundane var i forskjellige aldrar, frå den heilt nystarta unghunden, til dei som har eit par års erfaring. Ei god blanding med andre ord.
Deltakarane melder om ei kjekk helg,og vil gjerne ha instruktøren attende ved ei anna anledning.
Takk til Torkjel som tok turen frå Lom.
Kurset vart arrangert i samarbeid med studieforbundet Næring og samfunn
Gjetarhundkurs i Sunndal mars 2018
Nordmøre og Romsdal gjetarhundlag har arrangert to gjetarhundkurs på Oppdøl i Sunndal i mars, og med Atle Arnesen som instruktør. Første kurset var helga 2.-4. mars, det andre var 16.-18. mars- Begge kursa var fullteikna. Noko av motivasjonen for å køyre kurs no er at det er mange i Nordmøre og Romsdal som har skaffa seg ny hund, og dette vistes på deltakarlista. På det første kurset var det klar overvekt av kvalpar og unghundar, på det andre var ei god blanding av unge og vaksnare hundar.
Kursa starta med teori fredag kveld. I den grad det er råd å summere opp lærdomen etter 50 års erfaring med gjetarhund i eit to-timars foredrag, så gjorde instruktøren dette på ein tydeleg og lettfatteleg måte.
Laurdag og søndag var det trening med sau. Instruktøren såg ganske raskt kva den enkelte ekvipasjen burde jobbe med for å få framgang, og så gjennomførte ein dette i dei neste øktene. For mange av ekvipasjane så var tydelegare leiarskap den viktigaste "medisinen". Andre jobba med å få hunden til å ta betre kontroll over sauen, og dei som har kome lengst dreiv på med å finslipe detaljar inn mot gjetarhundprøver.
Begge helgane var vi fantastisk heldige med veret, det var innimellom reine påskestemninga med sol og vindstille. Og når sola var vekke var det godt å ha ei bålpanne i nærleiken. Midt på dagen var det matpause, der det blei servert varmmat. Ved kursslutt var det premiering av ekvipasjar som hadde utmerka seg under kurset.
Tusen takk til alle som kom og var med på desse kursa, det var kjekt samvære. Likeeins til instruktøren som ville ta turen for å kurse oss, og til den lokale organisasjonskomiteen som la seg i selen for å gjere det triveleg for alle. Og sist men ikkje minst til grunneigar og saueeigar for å vere så rause med å stille areal og dyr til disposisjon for desse to kursa.
Årsmøte i MRGL 10.februar
Årsmøtet til Møre og Romsdal Gjetarhundlag fann stad laurdag 10.februar kl 14 på Systra kafe, Sjøholt. Under finn de:
MRGL sitt styre i 2018 har konstituert seg slik:
Leiar: Merethe Hellevik (MMG)
vara: Thomas Akslen
Nestleiar: Ottar Ringstad (VSG)
vara: Sunniva N. Nupen
Skrivar: Nils E. Stråmyr (ISG)
vara: Andor Bjørke
Kasserar: Maren-Ann H. Løvold (NRG)
vara: Jostein Røyset
Innkalling_Arsmote_MRGL_2017.pdf
INNSTILLING%20FR%C3%85%20VALNEMNDA%20I%20MRGL%20aarsmote%2010.1.2018.pdf
Uttaksreglement_NM_revidert%202018.pdf
rekneskap%20mrgl%202018-02-10%2013.46.32.pdf
Kursrapport frå aktivitetshelga på Lepsøya 20.-21.jan
Møre og Romsdal Gjeterhundlag inviterte til aktivitetshelg på Lepsøya den 20-21 januar. Formålet var å ha eit felles arrangement for alle dei fire lokallaga, der ein kunne møtest for å trene og ha det kjekt saman. Det vart sett ei maks-grense på 20 deltakarar, og helga blei fullteikna. Dei fem instruktørane Andor Bjørke, Susann Osnes, Bente Bonsaksen, Merethe Hellevik og Nils Stråmyr stilte opp på dugnadsbasis, og delte viljug av kunnskapane sine om gjetarhundtrening. Deltakarane blei delt inn i grupper, etter antatt dugleik- eller mogningsnivå til ekvipasjane, og det vart trena godt gjennom heile helga. Sauene var trent på hund på førehand, noko som er viktig for å få i stand trygge og gode treningsøkter. Det var mange godord å høyre om instrueringa, og om treningsopplegget i det heile.
Det sosiale skulle vere ein viktig del av denne samlinga. Derfor var det lagt opp til ei romsleg lunsjpause, med felles grilling og mathygge. Praten gjekk livleg rundt grillen og på rasteplass-borda rett ved, så det virka som om også denne delen av samlinga var ein suksess. Nokre av deltakarane hadde lang reiseveg, og overnatta på øya. Her var det fleire variantar. Det var lagt til rette for overnatting på stabburet på prestegarden for den som ville det, eit tilbod som enkelte nytta seg av. Andre hadde med seg campingvogn eller bobil, og dei aller friskaste overnatta i telt nede ved fjøresteinane. Men uansett variant virka det som om alle hadde kosa seg godt.
Same kor godt ein førebur ei slik helg, så er veret noko ein ikkje rår over. Og det å legge opp til ei gjetarhund-helg i januar er uansett ein risikosport. Men lukka stend den kjekke bi, heiter det, og vergudane var verkeleg på vår side denne helga. Klart og fint vinterver, på turre og fine markar, det gjeng nesten ikkje an å få finare forhold midtvinters. Så når ein får halde på med det kjekkaste ein veit saman med trivelege folk under fine forhold, og med eit godverspanorama av fjord og fjell i bakgrunnen, så kan ein ikkje anna enn smile frå øyre til øyre heile den lange køyreturen heim, og langt ut i neste veke. Tusen takk til gjetarhundlaget, til instruktørane, til Merethe som heldt gard og sau og stod for mykje av organiseringa, og til alle dei kjekke deltakarane. Dette var ei super helg, og det må vere lov å ynskje seg at det kan bli ein årviss tradisjon.
Helsing ein nøgd kursdeltakar
Pris pr.dag: 400 kr. Betalast til MRGL sin konto: 3910.40.31815
Vinnar 2018
Gratulerer til
Karina og Strawmoor Pixie
Gratulerer til Karina Stråmyr og Strawmoor Pixie
Vinnar av Unghundcupen 2018
Kvalifikasjonsopplegg NM 2018
Uttaksprøver for NM 2018 er:
DP 26.8 Gule, NRG
LP 22.9 Haram ISG/MMG
LP 23.9 Haram ISG/MMG
FM 6.10 Ørsta (?) VSG
DP 7.10 Ørsta (?) VSG
Møre og Romsdal sitt kvalifikasjonsopplegg til Noregsmeisterskapet i bruk av gjetarhund 2018 finn du ved å
Poengberekning NM-kvalik
Er du framles like nyfiken på kvalifiseringspoenga etter 5 av 5 uttaksprøver?
Då finn du oversikta ved å trykkje her
Dei 6 ekvipasjane som har kvalifisert seg til NM 2018 er:
Mirk og Atle Arnesen
Rex og Jan Myklebust
Fern og Atle Arnesen
Storm og Jan Myklebust
Andy og Susann Osnes
Lyn og Sara Larsson
1.reserve:Dan og Andor Bjørke
2.reserve: Frøya og Jan Myklebust
Vi gratulerer og ynskjer lykke til på NM 2018!
Årsmøte i Møre og Romsdal Gjetarhundlag
Møre og Romsdal Gjetarhundlag hadde årsmøte laurdag 9.februar, klokka 14.00.
på Systra kafe, Sjøholt.
Årsmøtereferatet kan du lese her....
Innkalling til årsmøte finn du ved å trykkje her...
Årsmelding for MRGL finn du ved å trykkje her...
Rekneskap MRGL 2018 ser du ved å trykkje her...
Budsjettforslag for MRGL 2019 finn du her.....
Valnemnda si innstilling ser du her...
Styret i Møre og Romsdal Gjetarhundlag i 2019 er samansett slik:
Merethe Hellevik (MMG) leiar
Vara: Ingrid Iversen
Anne Katrin Melle (VSG) nestleiar
Vara: Sara Larsson
Maren-Ann H. Løvold (NRG) kasserar
Vara: Jostein Røyset
Nils E. Stråmyr (ISG) skrivar
Vara: Andor Bjørke
referat%20%C3%85rsm%C3%B8te%20M%C3%B8re%20og%20Romsdal%20Gjeterhundlag%202019.pdf
Innkalling_Arsmote_MRGL_2018%20%281%29.pdf
Arsmelding_MRGL_2018%20%281%29.pdf
rekneskap%20MRGL%202018%20%281%29.pdf
Budsjettforlag%20MRGL%202019.pdf
Innstilling%20fr%C3%A5%20valnemnda%20i%20M%C3%B8re%20og%20Romsdal%20Gjetarhundlag.pdf
Prøvehelg i Bjørdalen 6-7 okt
I år var det Vestre Sunnmøre gjetarhundlag som arrangerte FM. Arenaen var på fremste garden i Bjørdalen i Ørsta. Det vart brukt NKS i konkurransen og dommar for helga var Odd Bjarne Bjørdal.
Laurdag 6.10. gjekk FM etter tradisjonelt opplegg der dei 6 beste kom vidare til finale med dobbelhent og sortering.
Det var utfordrande forhold med tung sau og våt mark, så både hundar og førerar måtte jobbe for å få fullført alle momenta.
Atle Arnesen gjorde det skarpt med sine tre hundar og kom til finalen med alle!
Jan Myklebust gjorde det og godt og fekk to hundar til finalen.
I tillegg bestemte Bennis seg for å høyre på matmor Merethe Hellevik, og hamna dermed i finale.
Fylkesmeister 2018 vart Atle Arnesen og Mirk , 151 p.
2.pl Jan Myklebust og Rex 148 p
3.pl Jan og Storm 141 p
4.pl Atle og Fern 134 p
5.pl Merethe og Bennis 125 p
6.pl Atle og Lill 62 p (beste unghund FM 2018)
Søndag var det DP med klassane 1, 2 og 3 i nemnde rekkefylgje.
I klasse 1 vart "pallen" slik:
1.pl Merethe Hellevik og Glencregg Jenny 87 p
2.pl Susann Osnes og Kenzi 72 p
3.pl Kim Andre Garshol og Scott 55 p
I klasse 2 vart resultatet slik:
1.pl Susann Osnes og Kenzi 73 p
2.pl Sunniva Nupen og Frøken 60p
3.pl Anne Katrin Melle og Sansa 60 p
I klasse 3 vart topp 3 :
1 pl: Jan Myklebust og Rex 100 p
2.pl Sara Larsson og Lyn 99 p
3.pl Susann Osnes og Andy 95 p
Gratulerer!
Takk til dugnadsfolket som stod på og gjorde ein flott jobb begge dagane, både i utsettarkvea og i kiosken. Ingen prøve utan dei!
Prøveavgifta er kr. 300,- per start og må betalast inn på laget sin konto 3909.30.51274.
Vinnar av Unghundcupen 2018
Vinnar av Unghundcupen 2017
Copyright © All Rights Reserved
Vinnar 2017
Gratulerer til
Nils E. Stråmyr og Billy
VSG inviterte til distriktsprøve 3.april
Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag arrangerte distriktsprøve søndag 3.april. Prøva gjekk av stabelen i Steinsvika, inst i Dalsfjorden.
Dommar: Odd Bjarne Bjørdal.
Prøva starta klokka 10, med klasse 3 fyrst. Deretter klasse 2. I klasse 1 var det ingen startande.
Philipp melder at sauane var nyklipte, av rasen kvit spæl.
Det vart fyrt opp i bålpanna, slik at den som vil kunne grille.
Deltakarane var heldige og fekk vere ute i strålande vårver.
I klasse 3 var det 9 startande. Her vart det jamne poengsummar i toppen, men Philipp og Ulla (Gunn) vann på OLF med 84 p.
Nr.2: Ailen Skogeng og Fleece 84p.
Nr.3: Torstein Ytre og Titti 84p.
I klasse 2 vart resultatet slik:
Nr.1: Roger Løvik og Ayla 75p.
Nr.2: Per Steinsvik og Tarja 42p.
Nr.3: Ingvald Skårland og Fjell 19p.
Vi gratulerer så mykje! Kan og nemne at Marianne Schips hadde strikka flotte huer til fyrstepremievinnarane. Tenk å vinne ein slik premie!
(For øvrige resultat sjå prøveresultat på nsg sine sider.)
Startkontingent kr.250 betalast til VSG sitt kontonummer: 3909.30.51274. (før prøvestart)
Landsprøva i Nordfjord vart fullteikna på rekordtid!
Norgesserieprøva i Stryn/Hornindal er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, og vert arrangert 17-18 september.
Ekvipasjer frå vårt fylke hadde rett til påmelding på førehand.
Vi hadde frist til 10.mai kl.19:00 til slik påmelding.
Minner om at dette er teljande uttaksprøver for vårt fylke.
Her er link til meir informasjon om Norgesserieprøvene:
http://www.nsg.no/gjeterhund/norgesserien-2016-article10793-493.html
Årets NM 2016
Årets NM var lagt til Sjåstad gard i Lier, Buskerud. Ei flott bane,god og jamn sau, rask resultatservice og eit velorganisert apparat rundt, gjorde sitt til at dette vart eit vellukka arrangement.
Møre og Romsdal stillte med 6 hundar.
Beste plasseringar for fylket vart Rex og Jan Myklebust med 30.plass.
Meg og Andor Bjørke kom på ein 33.plass.
Vi kan oppsummere med at fylket klarte å behalde kvoten på seks hundar til neste års NM! Godt jobba!
I år vart Rune Landås frå Kristiansand og hunden Llangwn Kess Noregsmeistrar.
Her kan du lese meir stoff frå NM, og sjå resultat og fylkeskvotar
Poeng NM-kvalifisering 2016
Møre og Romsdal har i år ein fylkeskvote på seks hundar til NM.
Vi har laga ein tabell som viser poenga etter 4 av 5 prøver (med forbehold om feil)
Oversikt over opptjente poeng etter at alle uttaksprøvene er ferdige, finn du ved å trykkje her
Fylkesmeister 2016 er Akersborg Rex og Jan Myklebust
Rex fekk 140 poeng.
Jan tok også andreplassen med hunden Storm, 135 poeng. Storm vart i tillegg beste unghund.
På tredjeplass kom Atle Arnesen og Fern med 131 poeng.
Fjerde og femteplass tok Andor Bjørke med henholdsvis Meg (112 poeng) og Dan (106 poeng)
På sjetteplass kom Odd Bjarne Bjørdal og Kompis med 106 poeng.
Gratulerer!
Femten var påmeldt til fylkesmeisterskapet på Gjermundnes. Ei stor attelege med lang, skrå inndriving og mykje godt gras,gjorde sitt til at det var krevjande forhold på den innleiande runden.
Vi ynskjer å takke landbruksskulen og museet for at vi fekk bruke området deira,og takk til Arnfinn Lien som stilte med sau. Vi gløymer heller ikkje dei mange frivillege hjelparane som er heilt uvurderlege,både i forkant,undervegs og etter prøvehelga.
No er også dei seks som skal representere fylket i NM klare:
Jan Myklebust og Rex
Atle Arnesen og Mirk
Jan Myklebust og Storm
Nils E. Stråmyr og Roxy
Andor Bjørke og Meg
Atle Arnesen og Fern
(1.reserve Andor Bjørke og Dan)
(2.reserve Susann Osnes og Andy)
Vi ynskjer lukke til i NM!
Distriktsprøva på Gjermundnes vgs
1.okt
Laurdag 1.oktober var det distriktsprøve i klasse 1 og 2.
Det er alltid spenning knytta til det å skulle gå prøve med unghundar. Spesielt når ein står ved pålen for fyrste gong i livet,bankar hjartet ekstra hardt. Kjem eg til å huske forskjell på høgre og venstre? Og kjem hunden til å høyre etter??? Dommar Jon hadde ei fin innleiing, og gjekk igjennom momenta, slik at alle skulle føle seg trygge på at dei hadde forstått.
I klasse 1 var det 6 startande, og resultatlista såg slik ut:
1.pl: Blizz og Merethe Hellevik 75p.
2.pl: Frøken og Sunniva N. Nupen 66p.
3.pl: Bolt og Susann Osnes 65p.
4.pl: Ben og Atle Arnesen 63p.
5.pl: Skott og Andor Bjørke 60p.
6.pl: Candy (Luna) og Guro Hoflundsengen 44p.
Resultat for klasse 2:
1.pl: Glen og Brian Nielsen 77p.
2.pl: Frøken og Sunniva N. Nupen 73p.
3.pl: Bolt og Susann Osnes 62p.
Alle fekk skryt av dommaren for fin dyrehandtering,og det vart heile seks nye bruksprov! Gratulerer!
Det kjekkaste, bortsett frå at så mange greidde bruksprov, var at to personar gjekk prøve for fyrste gong: Guro og Brian,det var godt gjennomført! Og like positivt er det at Sunniva er på banen igjen med ny hund. Vi gler oss til fortsettelsen.
DP kl.1-2 startavgift 250kr.
Fylkesmeisterskap (klasse 3)
startavgift 350 kr.
(kontonr MMG: 3901.30.66225)
NB! Fylkesstyret melder om 2 ekstra uttaksprøver!
Styret i MRGL har vedteke at det skal arrangerast 2 ekstra uttaksprøver til NM. Dette pga den gledelege beskjeden at ein frå fylket er utteken på landslaget,og skal representere Noreg i Nordisk Mesterskap i Stockholm.
Nordisk Mesterskap går føre seg same helga som landsprøva i Stryn. Og LP i Stryn gjeld som kjent som 2 av våre 3 uttaksprøver til NM. Dette var vedteke tidlegare i år.
Denne personen vert dermed forhindra frå å gå teljande uttaksprøver,og kan dermed risikere å gå glipp av NM.
Styret i MRGL synes ikkje at dette var rettferdig,og har einstemmig vedteke at det vert helde 2 ekstra uttaksprøver no i haust.
Det er også positivt for andre i fylket som no får 2 ekstra prøver, og uttaksprogrammet vert slik det har vore tidlegare: 3 av 5 prøver er teljande. Dei 2 dårlegaste vert strokne.
Einaste helga mogleg å ha slike prøver er 10-11.september. Dette er midt i sankinga for dei fleste,og det ser vi oss leie for. Men pga ei slik uforutsett hending,måtte det bli slik i år.
Styret i Møre og Romsdal Gjetarhundlag
Gratulerer til
Brian Nielsen og Glen
Vinnar av Unghundcupen 2016
Jan Myklebust og Rex er klare for finalen
Jan og Rex er einaste ekvipasje frå Møre og Romsdal som har kvalifisert seg til finalen i Norgesserien. Nærnett i Volda har laga ein flott reportasje om desse to. Den kan du lese ved å trykkje her
Vi ynskjer dei lukke til i helga!
Finale i Norgesserien 22-23.okt
Finalehelga i norgesserien er i år lagt til Møre og Romsdal, Ørsta og Sæbø. Garden heiter Rise og ligg ein halv km opp frå sjøen på nordsida av Bondalselva. Du kjem fram gjennom å fylgje veg 655 frå Ørsta eller ved å ta ferje frå Leknes. Vi skal halde til på same arenaen som i NM i 2000 (dei som har halde på så lenge hugsar gjerne den)
Banen er flatlendt. Sauen er kvit, ikkje klypt og har rumpe.
Det vert gjennomgang laurdag kl.0745 og start for fyrste ekvipasje kl.0800.
Dommar for finalen er Frankie McCullough.
Oppmann er Odd Bjarne Bjørdal.
Kontaktperson for tilstellinga er Atle Arnesen tlf 976 54 902.
Du slepp å niste deg ut. Mat vert det å få kjøpt på arenaen.
Sagafjord Hotell har god atmosfære og smakeleg mat. Hjørundfjord Camping ligg også nær ved arenaen og har fleire alternativ for overnatting og parkering av vogner og bubilar.
Vi som arrangør ville sette stor pris på om flest mogleg av deltakarane kunne vere i lag med oss på hotellet laurdagskvelden. Hotellet har gjeve oss eit tilbod for torettars middag for kr.325,-
Hjørundfjorden er Noreg sin vakraste fjord. Knut Hustad er bonde, har ski, fjellsko og fotoapparat. Han vert med oss med bilder frå turar kring om i dette landskapet.
Vi bed om at du tingar middag på Sagafjord samstundes med overnatting,og sjølv om du ikkje bur på hotellet.
Hjarteleg velkomne alle saman!
Gode resultat for fylket i Erdalen
Det vart ei vellukka landsprøvehelg i Oppstryn 17-18.september. Og nokre av ekvipasjane frå Møre og Romsdal hamna høgt oppe på resultatlistene.
Dommar for helga var Torstein Ytre.
Ei stor og fin mark, og jamne, gode sauer frå besetninga til Ailen Skogeng og Halvor Tenden, gjorde at alle fekk mest mogleg like forhold.
Det var over 300 meter utgong på laurdagen,og lang driving. Tid for å fullføre vart sett til 11 minutt. Etter at dei fire fyrste hadde gått,såg ein at det vart for lite tid til å få med alle momenta, så singlinga vart kutta ut.
På laurdag fekk Andy til Susann Osnes og Akersborg Rex til Jan Myklebust 91 poeng.Det same fekk Sanki til Magnus Grimeland, og Billie Jean til Linn Kristin Flaten. Men etter å ha sett på poenga for dei ulike momenta, vart Sanki og Magnus vinnar.
Andy og Susann delte andreplassen med Billie Jean og Linn Kristin.
Rex og Jan kom på plassen under.
På sundag vart bana korta inn og tida sett til 12 minutt, dermed tok ein og med singling.
Sundag vann Sweep og Torkjell Solbakken med 108 poeng.
2.pl Prince Caspian og Roger Løvik 107p.
3.pl. Bror og Dag Owe Løvø 104p.
4 pl. Mirk og Atle Arnesen 104p.
5 pl. Akersborg Rex og Jan Myklebust 103p.
6pl. Fleece og Ailen Skogeng 103p.
Rex og Jan hadde ei flott helg resultatsmessig, ikkje noko rart at dei er reserve til landslaget, så jamnt gode dei er!
Og å ha to frå Møre og Romsdal blant dei seks beste begge dagar, det vitnar om kvalitet! Mykje godt treningsarbeid ligg bak, for slike resultat kjem ikkje av seg sjølv.
(for fleire resultat, sjå nsg sine sider)
ISG arrangerte dp/uttaksprøve til NM laur.10-søn.11.sept.
Prøva, som var i klasse 3, vart helde på Hellesylt, nærare bestemt på Vollset (ved starten på Flofjellet) og gjekk på Norsk Pelssau, hundevande, men ikkje treningsdyr. Takk til Bente og Frank som stilte sine sau til disposisjon!
Startkontingent 250 kr pr startande hund pr dag, betalast til ISG sin konto:
3910.25.58506
Det vart to fine prøvedagar i flott Vestlandsnatur.
På laurdag var Magnus Grimeland dommar.
Topp 4 laurdag:
1.pl Sina og Torstein Ytre 96p
2.pl Meg og Andor Bjørke 93p (best frå fylket)
3.pl. Mirk og Atle Arnesen 90p
4.pl Tind og Jan Myklebust 89p
Søndag var Torstein Ytre dommar.
Topp 3 søndag:
1.pl Sanki og Magnus Grimeland 103p
2.pl Chip og Halvor Tenden 97p
3.pl Lyn og Magnus Grimeland 95p
Best frå fylket søndag:
Roxy og Nils E. Stråmyr 94p
Mirk og Atle Arnesen 88p
Rex og Jan Myklebust 86p
Når det gjeld NM-uttaket ligg Mirk og Atle best an med 2 andreplassar og 24 poeng totalt
Deretter kjem:
Meg og Andor Bjørke 19p
Roxy og Nils e. Stråmyr 19p
Rex og Jan Myklebust 18p
Tind og Jan Myklebust 17p
Dan og Andor Bjørke 16p
Komande helg, den 17-18 september, er det landsprøve i Erdalen, Oppstryn. Desse gjeld og som uttaksprøver for Møre og Romsdal. Minner om at det vart 5 uttaksprøver i haust, der 3 av 5 prøver er gjeldande (dei 2 dårlegaste resultata skal strykast).
Fylkesmeisterskapet, som i år er på Gjermundnes 2.okt., er siste prøva som er med i NM-uttaket.
Fylkesmeisteren er direkte kvalifisert til NM.
Lukke til med resten av uttaksprøvene!
Gratulerer til Brian Nielsen og Glen
Vinnar av Unghundcupen 2016
Landsprøve i Sykkylven
19-20. september
Biletet over er frå søndagen då vergudane spelte mest på lag med arrangøren MRGL.
Det vart i helga arrangert landsprøver i Norgesserien i Velledalen, ei bygd i Sykkylven kommune.
Prøvene vart heldne på ei flat attelege, i fine omgjevnader i hjartet av Sunnmørsalpane. I løpet av helga fekk deltakarane oppleve fleire årstider, og under løpet søndagen også høyre lyden av steinras på relativt nært hald!
Frå arrangøren si side var mykje gjort for å sikre ei så god landsprøve som mogleg. Alt frå hundevante GNS søyer uten lam til deilig brennsnut og matservering effektivt og smakfullt utført av det lokale skulekorpset var døme på typisk vinn-vinn samarbeid.
Laurdagsprøva gjekk i ausande regnver så dei oppsette telta var naudsynte for trivselen sjølv for hardbarka gjetarhundfolk. Likevel var det stort sett berre blide fjes å sjå sjølv om nokre naturleg nok var blidare enn andre...
Vinnar laurdag vart Torkjel Solbakken og hunden Sweep med 102 poeng. Magnus Grimeland og Sanki vart nr. 2 og Roger Løvik og Prince Caspian nr. 3. Premiane til desse var Glasboller frå Ingrids glassblåseri der LP Velledalen er innprega.
Premiane frå 4-6 plass var forsekkar frå Royal Canin. Desse gjekk hhv til Halvor Tenden og Chip, Erlend Kvinnesland og Megg og Ailen Skogeng med Fleece.
Søndag vann Lykke og Merethe Hellevik frå Lepsøya med 100 poeng. Stor åtgaum.
Prince Caspian og Roger Løvik vart nr. 2 denne dagen og Magnus Grimeland og Sanki 3. Slik sett hadde dei to sistnemnde bytt plassering i forhold til laurdagsprøva.
Chip og Halvor Tenden 4, Aslan og Roger Løvik 5 og Andy med Susann R. Osnes 6.
Same premiering som laurdagen.
Møre og Romsdal og S og Fj. tok såleis hand om dei seks første plassane denne dagen. Elleve av dei tolv første plassane gjekk til dei to fylka. Særskilt Roger Løvik og Magnus Grimeland hadde ei stor helg. Halvor Tenden med Chip med 4 plass begge dager gjorde det også godt.
Å arrangere LP krev innsats av ein stor stab og at mange tek del. Takk til dykk alle. Grunneigarar, utsetjar, kveansvarleg, sauetransportør, kioskansvarleg, dommarsekretær og ei heil rekkje andre som ikkje er nemnt men ikkje gløymt.
Takk og til Torstein Ytre som dømte prøvene over to lange dager.
Atter ein gong stor gratulasjon til Merethe Hellevik MMG med seier på landsprøva søndag 20/9-15. Ein merkedag!


Gjetarhundprøve
DP-Tynes 14.mai!
Indre Sunnmøre Gjeterhundlag arrangerte DP på Tynes denne torsdagen i Sykkylven. Veret var skiftande mellom sol, regn og hagl!
Først ut var klasse 3. Bana vart sett med skrå inndriving og dei aller fleste valde å sende venstre. Etter hentet var det driving ut til høgre gjennom port 2 som var den same som inndrivingsporten. Kryssdriving opp bakken og så inn i deleringen. Nærarbeidet besto av deling, kve og skiljing. Ikkje minst kveing kunne vere utfordrande.
Sauene hadde ikkje vore på bana før, og sjølv om alle flokkane ikkje var heilt jamne, er det den variasjon ein må rekne med når ein har å gjere med levande dyr. 17 ekvipasjar stilte til start.
1.Roxy og Nils E Stråmyr 100 p.
2. Glen og Alexander Strøm 99 p.
3. Andy og Susann R. Osnes 98 p.
Før klasse 2 vart bana ombygd til ei meir tradisjonell bane med rett inndriving og tre portar. Noko trekk ned mot kve gjorde at ekvipasjane vart utfordra på frådrivinga men mange mestra utfordringa glimrande.
Sju ekvipasjar starta i klasse 2.
1. Nan og Stein Birger Dalland 79 p.
2. Ben og Joakim Engdal 71p (43)
3. Tess og O.H: Bonsaksen 71p(37)
I klasse 1 vart utfordringane denne gongen diverre for store til at nokon av dei tre ekvipasjane greidde å oppnå dei nødvendige 60 poenga for bruksprov . Dei kjem sterkare att!
Takk for oppmøtet alle saman, både hundar og førarar, og ikkje minst takk for det sosiale samværet og god dyrehandsaming.
Øvrige resultat: NSG
Alle resultata frå Fiskåprøva:
Laurdag 28.03 og søndag 29.03
finn du her:
I strålande solskin arrangerte Indre Sunnmøre Gjeterhundlag distriktsprøve i bruk av gjetarhund på Haugseth i Sykkylven. Prøva var og med i uttaket til NM 2015 for Møre og Romsdal ekvipasjane sin del. Magnus Grimeland dømde godt, jamnt og rettvist.
Klar vinnar av klasse 3 vart Susann Rypdal Osnes med hunden Andy og 103 poeng. Andreplassen gjekk til Andor Bjørke med hunden Meg og 100 poeng OLF 46. Tredjeplassen tok Alexander Strøm med hunden Glen og 100 poeng OLF 44.
Gratulerer til alle tre!
Resultat klasse 3 (Uoffisielle)
Takk til deltakarar i alle klasser, dei som var med å arrangerte, lån av mark, sauer og tilskodarar! Vi treng dykk alle!
Startkontingent 200 kr pr hund skulle betalast til ISG sin konto 3910.25.58506.
I strålande solskin arrangerte Indre Sunnmøre Gjeterhundlag distriktsprøve i bruk av gjetarhund på Haugseth i Sykkylven. Prøva var og med i uttaket til NM 2015 for Møre og Romsdal ekvipasjane sin del. Magnus Grimeland dømde godt, jamnt og rettvist.
Klar vinnar av klasse 3 vart Susann Rypdal Osnes med hunden Andy og 103 poeng. Andreplassen gjekk til Andor Bjørke med hunden Meg og 100 poeng OLF 46. Tredjeplassen tok Alexander Strøm med hunden Glen og 100 poeng OLF 44.
Gratulerer til alle tre!
Resultat klasse 3 (Uoffisielle)
Takk til deltakarar i alle klasser, dei som var med å arrangerte, lån av mark, sauer og tilskodarar! Vi treng dykk alle!
Startkontingent 200 kr pr hund skulle betalast til ISG sin konto 3910.25.58506.
Resultat%20klasse%203%20Haugseth.pdf
Unghundserien
MRGL har i tillegg til å kåre Årets Unghund på Fylkesmesterskapet, også en årlig Cup over flere distriktsprøver for hunder i klasse 2, kalt UnghundCup´n.
Dette er en Cup med mål om å løfte flere unghunder fra de lavere klasser opp til klasse 3, og dermed forankre et opplegg sammen med det arbeidet som allerede legges ned i form av rekruttering og opplæring av gjeterhund ekvipasjer i de fire lokallagene.
Målet er at fylket på denne måten oppnår ennå flere godkjente gjeterhund ekvipasjer som videre blir gode arbeidshunder i det praktiske arbeid med småfe som gjeterhunden er så fantastisk til!
Generelt for Unghundcup´n:
Unghundcup´n går i klasse 2 for hunder som ikke fyller 4 år i kalenderåret for sesongens prøver.
Poengskalaen som nyttes er: 15 for første, 12 for andre, 10 for tredje plass og deretter 9, 8, 7, 6, 5, 4 ,3 ,2, 1.
Oppnåes det 60 poeng eller mer i en klasse 3 prøve i løpet av sesongen, regnes ikke hunden lenger med i Cup´n, men beholder de oppnådde poengene i Cup´n frem til dette tidspunktet.
Vinner utropes på Årsmøtet til MRGL i ettertid, og MRGL står for graveringen av vinnerskjoldet.
Gratulerer til Sweet og Joakim Engdal
Vinnar av Unghundcupen 2015
VM i Skottland 2014.
I VM i Skottland den 03-06.09.2014 kunne MRGL i år skilte med 2 ekvipasjer til Verdensmesterskapet i Gjeterhund, denne gangen arrangert i Skottland på Fearn Farm i Ross-Shire.
Dette er et kjempestort arrangement som arrangeres hvert tredje år, og hvor hele 240 av verdens beste fra 25 land møtes for å avgjøre hvem som skal inneha tittelen Verdens Beste de neste tre årene. Dette er første gang noen fra vårt fylke har klart å kvalifisere seg til VM, og for MRGL sin del er dette kjempebra og viser at nivået i fylket er høyt!
Susann Osnes og Jan Myklebust stilte på hver sin bane på den innledende runden, men klarte ikke å komme seg videre til noen finale. Samme skjebne fikk 13 andre fra Norges landslag på totalt 15, men for Norges del gikk det likevel veldig bra da vi tok sølv i lagkonkurransen, Ellers fikk Norge to kjempebra plasseringer med hhv en 4 og en 7 plass totalt sett. Det var Torbjørn Jaran Knive og Bea på 4 plass og Jo Agnar Hansen og Sisko på 7 plass. Her kan du lese hva NSG skriver om VM!
Vi vil ellers skryte av alle de andre fra Norge som hadde tatt turen over for å heie på ekvipasjene, og som til tider skapte såpass mye heierop fra tribunen at de overdøyvde alt av speaker og løp sådan. Norge gjorde seg veldig synlige også på denne måten, og satte oss nok på verdenskartet innen gjeterhund for samtlige på VM i Skottland!!
Vinner Unghundserien 2014
Steel, no53099/12
Far: Zac, A.D. Scrimgeour
Mor: Nell, Gunnhild Sindre
Oppdretter: Richard Bøe
MRGL har i tillegg til å kåre Årets Unghund på Fylkesmesterskapet, også en årlig Cup over flere distriktsprøver for hunder i klasse 2, kalt UnghundCup´n.
Dette er en Cup med mål om å løfte flere unghunder fra de lavere klasser opp til klasse 3, og dermed forankre et opplegg sammen med det arbeidet som allerede legges ned i form av rekruttering og opplæring av gjeterhund ekvipasjer i de fire lokallagene.
Målet er at fylket på denne måten oppnår ennå flere godkjente gjeterhund ekvipasjer som videre blir gode arbeidshunder i det praktiske arbeid med småfe som gjeterhunden er så fantastisk til!
Generelt for Unghundcup´n:
Unghundcup´n går i klasse 2 for hunder som ikke fyller 4 år i kalenderåret for sesongens prøver.
Poengskalaen som nyttes er: 15 for første, 12 for andre, 10 for tredje plass og deretter 9, 8, 7, 6, 5, 4 ,3 ,2, 1.
Oppnåes det 60 poeng eller mer i en klasse 3 prøve i løpet av sesongen, regnes ikke hunden lenger med i Cup´n, men beholder de oppnådde poengene i Cup´n frem til dette tidspunktet.
Vinner utropes på Årsmøtet til MRGL i ettertid, og MRGL står for graveringen av vinnerskjoldet.

Copyright © All Rights Reserved

Fylkesmeister 2014
Jan Myklebust med Tind! Far: Kemi Spot, Kevin Evans
Mor: Jet, Nils E Stråmyr
Oppdretter: Karina Stråmyr
MRGL gratulerer Jan Myklebust og Tind med tittelen Fylkesmester Møre og Romsdal 2014. De ble også kåret til Beste Unghund 2014, og tok dermed et godt grep over premiebordet!!
Vestre Gjeterhundlag arrangerte hele 5 prøver denne høst helgen, fordelt over fire prøver lørdag 4 Oktober med hhv to klasse 1 og to klasse 2 prøver. Dette ble videre så fulgt opp med FM "dagen derpå" søndag den 5 Oktober med finale med momentene dobbelhent og sortering. Og Fylkesmester ble kåret!!
Antall startende totalt sett inkludert finaleomgangen var 54 ekvipasjer fordelt over hele helgen, da hhv 8 til start ggr. to i klasse 1, 7 ggr to i klasse 2, og 18 + 6 i FM. Det må en si seg godt fornøyd med!
Fylket oppnådde også fem nye bruksprov, og MRGL gratulerer disse med godkjent Gjeterhund!
Når det gjelder Fylkesmesterskapet, stilte atten til start, hvorav de seks beste gikk til finaleomgang etter den innledende runden. Topp tre i finalen ble:
1 pl.: Jan Myklebust og Tind (Fylkesmester/Beste unghund!)
2 pl.: Andor Bjørke og Meg
3 pl.: Nils Edmund Stråmyr og Roxy
Ellers kan en nevne at arrangementet fløt jevnt og godt gjennom, og videre så var dommer gjennom hele helgen Ståle Øye fra Ørsta!
Vi takker alle som bidro for hjelpen, og ellers til Atle Arnesen som stilte med sau fra egen besetning til denne helgen på Fiskå!
MRGL gratulerer Jan og Tind med "full pott" og tittelen "Fylkesmester 2014"
Aktivitetshelg på Gamlem 29-31 mars
I mars 2009 vart arbeidet med å opprette Møre og Romsdal Gjetarhundlag starta. Det betyr at MRGL har 10-års jubileum i år, og det markerte vi med ei aktivitetshelg 29.-31.mars på Gamlem (Søvika i Haram kommune).
Fredag kveld hadde vi samling av kursdeltakarar og instruktørar på Gamlem grendahus. Andor Bjørke heldt foredrag om trening av gjetarhund. Det vart servert pizza, sponsa av Nortura.
Laurdag var kursdeltakarane fordelt på 3 grupper, med 2 instruktørar på kvar gruppe.
Andor og Nils instruerte dei som hadde komt lengst og var meir eller mindre klare for å gå prøver.
Sara og Knut-Jørgen var instruktørar på eit anna område med gruppe nummer 2.
Philipp og Merethe instruerte på gruppe nummer 3.
Sjølv om vergudane ikkje spelte heilt på lag, så var det mange blide fjes å sjå, og alle fekk fleire treningsøkter gjennom dagen.
I pausa midt på dagen var det godt å kunne gå inn på grendahuset og få ly for regn og vind.
Laurdagskvelden hadde vi middag på Gamlem grendahus. Etterpå hadde vi kviss, laga av Vestre Sunnmøre Gjetarhundlag. Artig og sosialt!
Søndag var det på att igjen med fleire treningsøkter.
Trur nok at det var mange trøtte to- og firbeinte om kvelden.
Håpar at alle fekk med seg nokre tips til hjelp i vidare trening.
Vi var så heldige at Karina og Nils Stråmyr stilte fjorslamma sine, av rasen gammalnorsk spæl, til disposisjon denne helga.
Stor takk til dei!
Camilla Akslen tok mange flotte bilete, vi har fått lov til å bruke dei her på heimesida. Tusen takk,Camilla.
Sjå øvst på sida. I tillegg kan du gå inn på fana Bildealbum, og Bildegalleri, der finn du endå fleire bilete.
Kart/foto over dei ulike treningsområda finn du her:
Tusen takk til dei 6 instruktørane frå fylket som instruerte gratis denne helga, overskotet gjekk til Møre og Romsdal Gjetarhundlag.
Kursavgift 1400 kr (inkl mat fredagskvelden)
+ 245 kr for middag laurdag kveld (biff stroganoff eller bacalao)
Ver vennleg og skriv namn på kursdeltakar når du betalar i nettbanken, då blir det enklare å ha oversikt.
Innbetaling til MRGL sitt kontonummer: 3910.40.31815.
Mvh
Styret i MRGL
Oversikt over treningar, prøver, kurs og arrangement i Møre og Romsdal.
| Dato | Type | Stad | Kontakt / Arrangør |
|---|---|---|---|
| 29.03.2026 | DP – Distriktsprøve Kl 1 og 2 | Fiskå | Ailen Skogeng |
| 19.10.2025 | Unghundcup Kl 2 | Malmefjorden | Carola Ukkelberg (Nordmøre og Romsdal Gjeterhundlag) |
| 05.10.2025 | FM – Fylkesmeisterskap Kl 3 | Fiskå | Nils Stråmyr / Ola Steinsvik |
| 04.10.2025 | Unghundcup Kl 2 | Fiskå | Ola Steinsvik (Vestre Sunnmøre Gjeterhundlag) |
| 04.10.2025 | DP – Distriktsprøve Kl 1, 2 og 3 | Fiskå | Nils Stråmyr / Ola Steinsvik |
| 31.08.2025 | Unghundcup Kl 2 | Fiskå | Ola Steinsvik (Vestre Sunnmøre Gjeterhundlag) |
| 31.08.2025 | DP – Distriktsprøve Kl 2 og 3 | Fiskå | Audun Seilen / Ola Steinsvik |
| 30.08.2025 | DP – Distriktsprøve Kl 3 | Fiskå | Audun Seilen / Ola Steinsvik |
| 23.08.2025 | Unghundcup Kl 2 | Stette | Knut-Jørgen Oseberg (Midtre Møre Gjetarhundlag) |
| 23.08.2025 | DP – Distriktsprøve Kl 1 og 2 | Stette | Knut-Jørgen Oseberg |
| 17.08.2025 | Kurs | Nordholten, Surnadal | MidtNorge Gjeterhundlag – Irene Røe Vaagan |
| 17.08.2025 | LP3 – Landsprøve | Lausund, Lepsøya | Knut-Jørgen Oseberg |
| 16.08.2025 | Kurs | Nordholten, Surnadal | MidtNorge Gjeterhundlag – Irene Røe Vaagan |
| 16.08.2025 | LP3 – Landsprøve | Lausund, Lepsøya | Knut-Jørgen Oseberg |
| 15.06.2025 | Kurs | Follestaddalen, Ørsta | Vestre Møre Gjetarhundlag / Phillips Schips – Ola Steinsvik |
| 14.06.2025 | Kurs | Follestaddalen, Ørsta | Vestre Møre Gjetarhundlag / Phillips Schips – Ola Steinsvik |
| 31.05.2025 | Kurs | Stette | Midtre Møre Gjetarhundlag / Jane Kristiansen og Torkjell Solbakken – Knut-Jørgen Oseberg |
| 30.05.2025 | Kurs | Stette | Midtre Møre Gjetarhundlag / Jane Kristiansen og Torkjell Solbakken – Knut-Jørgen Oseberg |
Oversikt over startlister og resultat frå gjeterhundprøver.
Kvart år kårast beste unghund gjennom 3–5 distriktsprøver i klasse 2. Vinnaren vert gravert inn i skjoldet og tek plass i The Hall of Fame.
Plassering og poengoversikt frå årets og tidlegare prøver og meisterskap.
Lokale kurs og aktivitetshelger i regi av MRGL og lokallaga.
| Dato | Lag / Instruktør | Stad | Kontakt |
|---|---|---|---|
| 16–17.08.2025 | Kurs MidtNorge Gjeterhundlag | Nordholten, Surnadal | Irene Røe Vaagan |
| 14–15.06.2025 | Kurs Vestre Møre Gjetarhundlag Phillips Schips |
Follestaddalen, Ørsta | Ola Steinsvik |
| 30–31.05.2025 | Kurs Midtre Møre Gjetarhundlag Jane Kristiansen og Torkjell Solbakken |
Stette | Knut-Jørgen Oseberg |
Fylkessamling for alle lokallag
Møre og Romsdal Gjeterhundlag arrangerer aktivitetshelg for heile fylket. Her kjem lokallaga saman for trening, kurs og sosialt samvær. Helga passar for alle nivå, frå nybegynnar til vidarekomne. Neste aktivitetshelg: Dato vert annonsert på Facebook og i nyhetsarkivet.
Følg MRGL på FacebookBruksprøva er ein sertifiseringsprøve som dokumenterer at ein gjeterhund kan brukast i praktisk gjetersarbeid.
Finn ditt lokallag og bli med på trening. Instruktørar rettleier deg og hunden steg for steg.
Når hunden er klar, melder du deg på ein godkjend bruksprøve via NSG sin terminliste.
Minst 60 poeng gir godkjenning i samsvar med NSG sine reglar. Dommarens resultat er endeleg.
Styret i MRGL tilbyr laminert bruksprøve-kort som dokumenterer den godkjende prøva.
Praktisk bevis å ha med på fjellet eller i arbeid
Styret i MRGL tilbyr laminerte bruksprøve-kort til alle ekvipasjar som har oppnådd godkjent gjeterhund-prøve (minimum 60 poeng) i samsvar med NSG sine reglar. Kortet er praktisk å ha med på fjellet eller i arbeid med hunden, og dokumenterer den godkjende prøva.
Gjeterhundsporten er open for alle som har ein hund og interesse for å jobbe med sau. Her er korleis du kjem i gang.
Gjetarhundsporten handlar om samarbeid mellom hund og førar. Saman driv de ein flokk sau gjennom ein bane med ulike oppgåver. Det krev øving, tålmod og tillit mellom hund og handler. Dei vanlegaste rasane er Border Collie og Kelpie, men einkvar hund med driv og instinkt kan prøve seg.
MRGL har fem lokallag spreidd over heile Møre og Romsdal. Kontakt det næraste laget og spør om å bli med på trening – alle er velkomne!
Se lokallag →Kom og sjå – du treng ingen erfaring frå før. Lokallaga har instruktørar som rettleier nybegynnarar. Første trening er gratis å prøve.
Bli medlem i NSG (Norsk Sau og Geit) og ditt lokallag. Medlemskapet gir tilgang til prøver, kurs og forsikring for hunden.
Bli medlem (nsg.no) →MRGL har fem aktive lokallag som tilbyr trening, kurs og prøver rundt om i Møre og Romsdal.
Treningsbane på Nordholten i Surnadal, open mai–oktober. Faste treningsdagar: kjem seinare.
Facebook-sideTreningsområde i Myrane (Follestaddalen). Ingen faste treningsdagar – treningar vert varsla på Facebook.
Facebook-sideFaste treningskveldar på Stette frå medio mai og ut september. Ein instruktør er alltid til stades.
Ingen faste treningar – treningar etter nærare avtale. ISG har 4 godkjende instruktørar.
Fursetfjellet treningsbane er open for trening av gjetarhund frå mai til oktober.
Facebook-sideMøtedokument, vedtekter og andre offisielle dokument frå MRGL.
Ta kontakt med oss om du har spørsmål om gjetarhundsporten i Møre og Romsdal.
Fylkeslaget for gjetarhund i Møre og Romsdal
Fylkeslaget for sau- og geitehaldara i Møre og Romsdal
Nasjonal organisasjon for gjeterhund, sau og geit