Møre og Romsdal Gjeterhundlag ynskjer å få til ei langsiktig satsing (over 3 år) med mål om å heve nivået på inntil 8 gjetarhund ekvipasjer frå fylket.
Vi vil ha engasjerte hundeførere med på laget, og formålet med "TEAM Møre og Romsdal" er å BYGGJE LAGÅND OG GJERE KVARANDRE BETRE.
Bakgrunnen for satsinga er stoda til Møre og Romsdal sine NM-plassar, der vi har redusert antall plassar frå 6 til 3 dei siste åra. Denne utviklinga ynskjer MRGL å snu og dette er et mottiltak i så lende.
For å vere med på denne satsinga er det vedtekje følgande vilkår/krav til deltakarane:
• NSG medlem/bosatt i Møre og Romsdal.
• Ha hund på klasse 3 nivå.
• Ynskje om å ta imot instruksjon for å betre prestasjon til hund/førar.
• Ambisjon om å konkurrere i Norgesserien, NM, o.l.
• Forplikte seg på å vere med på to samlingar pr. år. (vår/sommar)
Samlingane vert i området til Midtre Møre Gjetarhundlag.
• Økonomisk forpliktande for deltakaren. Foreløpig estimert pris pr
deltakar, dersom 8 deltakarar; 5000,- pr.år.
Instruktørar på samlingane vert:
Første fysiske samling blir: 25.03.2023 – 26.03.2023, med Jo Agnar som instruktør. I forkant av mars-samlinga vert det eit TEAMS møte der deltakarane får presentere seg og hunden sin, og fortelje om utfordringane dei har. I tillegg presenterer Jo Agnar og Sander opplegget sitt.
På sommersamlinga (dato ikkje bestemt) vert Sander instruktør.
Har DU lyst til å vere med på laget så ta kontakt med Knut-Jørgen Oseberg (tlf 951 52 585) snarast og merk frist for påmelding 20 januar 2023
Mvh Styret i MRGL
Alle referat fra styremøta blir lagt ut, og ein finner dei i menyen under:
Organisering / Referater og dokument
Innkallinga ser du ved å trykkje her..
Årsmeldinga til MRGL 2022 finn du ved å trykkje her..
Innkomne saker til årsmøtet:
Sak 2: Fylkesmester ikkje direkte kvalifisert NM
Valnemnda si innstilling finn du her...
MRGL har fått spørsmål om korleis ein skal knytte medlemskapet sitt i Norsk sau og geit til NKK
På www.nsg.no kan du finne svar på ymse spørsmål om NSG/NKK samarbeidet og i tillegg er det enkelt å registrere NSG-medlemskapet sitt til NKK derifrå.
Link til NSG-sida finn ein her.
Styret i MRGL fortsetter praksisen med laminerte bruksprov til dei ekvipasjene som klarer kravet ihht godkjent Gjeterhund - NSG.
Vi ønsker fleire bestillinger på kvar produksjonsrunde, så det kan ta litt tid etter at du har bestilt laminert bruksprov til det kjem i posten. Kortet er kjekt å ha med f.eks på fjellet når du brukar hunden i arbeid.
Pris pr bruksprov 250 kr. (faktura vert sendt ilag med kortet)
Vil du bestille bruksprov så legger du inn all relevant info i det tilordneda "Google forms" link som vist nedanfor:
I tillegg til å kåre beste unghund på Fylkesmeisterskapet, har MRGL ein årleg cup som går over 3-5 distriktsprøver i klasse 2 der vinneren blir gravert inn i skjoldet til "Unghundcupen" for en endelig plass i "The Hall of Fame".
Ungundcupprøver 2023:
Dette blir bestemt på det komande årsmøtet til MRGL 2023.
Reglementet finner ein nedanfor:
Copyright © All Rights Reserved